Er dette framtidas by?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange heva augebryna i Lillestrøm i går, då Vegvesenet, Miljødirektoratet, Helsedirektoratet og Skedsmo kommune delte ut «omvendte bompengar» til syklande og gåande i sentrum.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag

Stuntet er ein del av Europeisk mobilitetsveke, som er den største kampanjen for miljøvenleg transport i verda. Over 2000 europeiske byar deltek, og i Noreg er atten kommunar med. Målet er å få fleire til å sykle, gå eller reise kollektivt.

Temaet i år er «Våre gater, våre val» og kampanjen oppmorar folk til å vere med og skape den byen dei ønskjer å leve i. Natur og Ungdom har teke utfordringa.

Problema vil bli større
Miljøvernorganisasjonen har lansert nettsida Miljøbyen. Der syner dei korleis dei meiner norske byar bør planleggast.

– Norske byar slit i dag med dårleg luft, treige køar og svære utslepp frå transportsektoren. Mange av byområda våre veks raskt og problema som rammar mange i dag kjem til å bli større om me ikkje gjer noko, skriv Gaute Eiterjord, som jobbar med samferdsle i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Det grøne skiftet

Nettsida syner ein by der det skal vere enkelt å gå, sykle eller reise kollektivt til skule, jobb og butikkar. Ladestasjonar for elbilar, kollektivaksar med buss, trikk og bane og dobbeltspora jernbane pregar miljøbyen til organisasjonen.

– Vi vil syne fram kva slags løysingar folk, og særleg unge, burde jobbe for i byane sine. Nettsida kan brukast av folk som er nysgjerrige på kva slags løysingar som finnast, men også dei som vil bruke dette for å påverke lokalpolitikarane sine. Det er trass alt ikkje meir enn eit år til lokal- og fylkestingsvalet, kor folka som styrer byutviklinga skal veljast, utdjupar  Eiterjord.

Vil ta tilbake byrommet
Ein av hovudideane bak mobilitetsveka er å ta byrommet tilbake frå bilane og utnytte offentlege område betre.

Ein studie frå Europabarometer syner at tiltak som lågare prisar for kollektivtransport, utbygging av gang- og sykkelvegar, avgrensingar av tilgang for bestemte typar køyretøy, og insentiv for bildeling er blant tiltak som kan gjere ein merkbar skilnad.

LES OGSÅ: Kan minske klimaeffekten av transport