– Eit lotteri med unge si helse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Å senda 200 millionar kroner til kommunane utan øyremerking er ikkje ei reell satsing, men eit geografisk lotteri med barn og unge si helse som innsats, seier styreleiar i Unge funksjonshemmede, Simen Brændhaugen, i ei pressemelding.

Dei er uroa for at manglane øyremerking av midlane føre til at pengane ikkje kjem dei unge til gode.

Organisasjonen oppmodar difor KRF og Venstre til å syta for at regjeringa sine budsjettmidlar til fleire helsesøstrer vert øyremerkte.

– Dette er ikkje akseptabelt. KrF og Venstre har gått høgt på banen i denne saka tidlegare. No må både Regjeringa og samarbeidspartia læra av tidlegare feil og ta økonomisk ansvar for barn og unges helse, seier Brændhaugen.

I fjorårets valkamp gjekk Venstre inn for å gi norske skular 1000 nye helsesøstrer over fire år. Venstre ville løyva 125 millionar kroner årleg til helsesøstrer.

Leiar i Unge Venstre Tord Hustveit seier til Framtida.no at han er glad for regjeringa si satsing på helsesøstrer og forventar no at kommunane følgjer opp. 

LES OGSÅ: – Slutt å snakk skulen ned

Gjentakingsfare
Helseminister Bent Høie fortalde om satsinga med 200 millionar til fleire helsesøstrer underden årlege kongressen til Norsk Psykologforening alt i september.

– Dei 200 millionane kjem til å bli fordelte på kommunane, ikkje i den ordinære fordelinga, men ut frå ungdomskriterium for dei kommunane som har mange unge, sa helseministeren til Dagens Medisin.

Men øyremerke midlane vil han ikkje, sjølv om Norsk Sjukepleiarforbund ved fleire anledningar har etterlyst øyremerking av midlar til helsesøstrer.

LES OGSÅ: Tredje gongen svarte helsesøster

Vegprioritering
I fjor gjekk berre halvparten av dei 180 millionane som skulle styrkja skulehelsetenesta og helsestasjonane til det føremålet. Tanken til dei raudgrøne var at midlane skulle føre til ei auke på 300 årsverk. I beste fall vart det ei auke på 135 årsverk.  

Ifølgje tal frå tidsskriftet Sykepleien meldte faktisk heile 23 kommunar om ein reell nedgang i talet på helsesøsterårsverk i 2014.

No håpar denne regjeringa at pengane vil føre til 300-350 nye årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Leiar i Elevorganisasjonen Benjamin Skiaker Myrstad er glad for at regjeringa har sett det store behovet i skulehelsetenesta og bevilgna pengar til dette, men jublar ikkje heilt enno.

– Utifrå tidlegare erfaringar har eg ikkje trua på at fleire helsesøstrer blir prioritert denne gongen. Eg har sjølvsagt eit ønske om det, men diverre trur eg ikkje det blir gjort. Me har sett det blir bevilgna pengar til helsesøster-tenesta før. Då var det ikkje øyremerka, og pengane gjekk til andre ting, som veg og liknande. Det er kommunane som må prioritera, seier Myrstad, som ikkje er i tvil om at det er trong for fleire helsesøstrer:

– Dei helsesøstrene me har i dag har ikkje tid til å jobba førebyggande. Dei seier sjølv dei jobbar som brannmenn, og berre rekk å driva med brannslokking. Dei får store saker som tek mykje tid, og rekk ikkje å hjelpa dei som ligg i faresona og slit skikkeleg, avsluttar han.

Manglar 1500 helsesøstrer
I ein rapport tidlegare i år kritiserte Barneombodet skulehelsetenesta og slo fast at det manglar det 1500 helsesøsterstillingar for å nå Helsedirektoratets anbefalte minstenorm for tenesta.

Helsesøsterdekning vert kopla til fråfall i den vidaregåande skulen blant elevar som slit psykisk. I tillegg har ein funne ein samanheng mellom låg helsesøsterdekning og fleire barnevernssaker.

Leiaren i Elevorganisasjonen meiner eit lågterskeltilbod med utdanna fagpersonar er spesielt viktig for unge som slit psykisk.

Unge funksjonshemmede trekk fram tal på at éin av fem unge slit med psykiske helseproblem, samstundes som norske helsesøstrer opplyser at dei i snitt har kring fem minutt til disposisjon per elev i året.

– Skal auken kome trengande barn og unge til gode, må KRF og Venstre bruke budsjettforhandlingane til å syta for at bevillinga faktisk går til skulehelsetenesta, seier Brændhaugen, som presiserer at det er viktig med eit lågterskeltilbod både i barnehagar, skuleverket og i høgare utdanning.