Einsame elevar tenkjer mest på å droppe ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Einsame elevar droppar ut

Saka var først publisert i Dusken.

Førsteamanuensis Per Egil Mjaavatn og professor Per Frostad ved Pedagogisk institutt ved NTNU har gjort ei stor undersøking blant 2 000 trønderske ungdomar i vidaregåande skule. Over tre semester måtte elevane svare på tre spørjeskjema om korleis dei opplever tilværet på skulen.

– Vi ville finne ut i kor stor grad elevane faktisk vurderte å slutte og kva som var dei sterkaste faktorane for å gi seg, seier Mjaavatn.

LES OGSÅ: Ungdom er mest einsame

Sjølvbiletet
Det som kom fram i undersøkinga var at einsemd og sosiale relasjonar sterkt påverka om elevane ville slutte eller ikkje.

– Vi veit jo at i ungdomstida er det veldig viktig å få kontakt med jamaldrande og å bli sett av lærarane, fortel Mjaavatn.

Undersøkinga viste korrelasjon mellom tankar om å slutte og det å føle seg lite inkludert av medelevar. I mange tilfelle er det dei med best karakterar som har flest vener. Ein sirkel av at ein føler seg trygg og velkommen på skulen og følgjande gjer det bra. Dermed bygger ein opp eit godt sjølvbilete, og får kanskje fleire vener.

– Ein mistar fort motivasjonen når ein føler seg utilpass og utanfor. Ofte er det dei som er minst inkludert som har spesialbehov, seier Mjaavatn.

Sjølv om det berre er 66 prosent av menn som har fullført vidaregåande opplæring etter fem år mot 76 prosent av jenter, viste resultata til Mjaavatn og Frostad ingen forskjell mellom kjønna når det gjelder forholdet mellom einsemd og tankjar om å slutte.

– Sjølvsagt er det mange av dei med dårlege karakterar frå ungdomsskulen som droppar ut. Særleg desse jentene slit med dårleg sjølvbilete, seier Mjaavatn.

LES OGSÅ: Unge avhaldsfolk einsame og deprimerte

Å bli sett av læraren
Den andre viktige faktoren i sosiale relasjonar er forholdet til læraren. Blant ungdommane i undersøkinga rapporterte dei med best karakterar at dei følte dei fekk mykje merksemd frå læraren.

– Det kunne løfta skulen om læraren hadde meir tid til rådigheit til å sjå elevane, seier Mjaavatn.

Grubleboksen
Ifølgje Professor Patrick Vogel ved psykologisk institutt er einsemd eit menneskeleg problem som kan følgje oss gjennom livet om vi ikkje klarar å ta tak i det. Dei som er einsame i skulen, kan gjerne vere det vidare inn i høgare utdanning og jobb.

– Einsemda kan i veldig mange tilfelle bli spora tilbake til personen sjølv. Mange veit ikkje korleis dei skal få kontakt med andre og manglar grunnleggande ferdigheiter ein treng for sosiale relasjonar, fortel Vogel.

Den andre grunnen til einsemd som Vogel peikar på, er depresjon.

– Når ein har tapt noko kan det vere nyttig å trekke seg tilbake til hula si og få grubla litt. Men det kan ikkje ta overhand. Ofte treng folk berre å bli minna på at dei óg tilhøyrer menneskeheita. Det viktigaste er å aldri falle i grubleboksa!

LES OGSÅ: Lågast fråfall i Vest-Agder og Rogaland

Spiralliv
Behovet for å bli likt kan kanskje sporast heilt tilbake til overleving, den gongen det var livsviktig å halde seg inne med stammen. Frå ein er ti-elleve må ein byrje å lære seg å vere sosial. Vogel er klar på at det er heilt lov å prøve og feile.

– Vi må slutte å vere så perfeksjonistiske! Ein skal faktisk lære å symje på grunt vatn og ikkje når du fell overbord i full storm, seier Vogel.

Han representerer menneskeleg utvikling som ein spiral, med personleg vekst og utfordringar i dei vertikale områda. Dei flate områda i spiralen er kvileområdet.

– Det går ikkje berre strake vegen framover med oss. På same måte som ein krevjande fjelltur går framover i rykk og napp, kan vi trenge ein appelsinrast før vi byrjar på eit nytt forhold, ny utdanning eller flyttar på oss, seier Vogel.

– Berre ein daud kropp har null angst

Angst er eit tabubelagt ord og for mange er det ei hemning i kvardagen, men Vogel presiserar at vi faktisk treng angsten.

– Angst kjem frå å gjere noko ein ikkje kan, og er ein naturleg del av det å utfordre seg sjølve. Null angst er ikkje mogleg, det er berre ein daud kropp som har null angst. Endring tek tid og innsats, men det viktige er at vi klarar å stå i angsten og gjennomføre.

Ifølgje Vogel er det heilt greitt å lage seg delmål. Kanskje kan det vere nok å gå ein time på fest.

– Det er viktig å hugse på å legge merke til at ein har det hyggeleg. Flytte fokus frå seg sjølv til utsida, legge merke til småting rundt seg, det vi kan kalle eksternfokus, fortel Vogel.

Faktaboks

Ser du nokon som slit?

Undersøk: Skaff til veie informasjon om aktivitetar og tilgjengeleg hjelp.

Påpeik: Prøv forsiktig å påpeike forsvarsargumenta og vaner som kan endrast.

Parallellleik: Tilby moglegheiter for berre å ha det hyggeleg, ein treng ikkje alltid snakke om problemet.

Slit du sjølv? – Om du føler deg trist, hugs på at du er ein av oss.

Hugs på at det er greitt å sei ja, om nokon til dømes ber deg med på ein kaffikopp.

Kilde: SSB