– Det er ikkje alltid eg gidd å ta fram nynorsken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sotra-ungdom slit med nynorsken

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

– Eg skriv oftast bokmål på meldingar. Det kjem an på kven eg snakkar med. Handlar det om noko nynorsk-relatert, er det lett å skriva tilbake på nynorsk, men til besteforeldra mine blir det bokmål, seier Pia Fagerbakke Lunde.

15-åringen går i tiande klasse på Fjell ungdomsskule. Sjølv om ho er oppvaksen i nynorskkommunen Fjell på Sotra, er ho ein del av minoriteten som har nynorsk som hovudmål i grunnskulen.

LES OGSÅ: Ny stilling skal hindra målbyte i Hordaland

Nynorsk minoritet
I 1992 hadde nesten 78 prosent av grunnskuleelevane i Fjell nynorsk som hovudmål. Som ei direkte følgje av Sotrabrua som opna i 1971, har folketalet og elevtala auka kraftig dei siste 45 åra, medan nynorskdelen er meir enn halvert. Dette skuleåret har berre 34 prosent av grunnskuleelevane nynorsk som hovudmål.

For Eivind Grimstad var det ikkje heilt sjølvsagt at han skulle halda fram med nynorsk etter barneskulen.

– Då eg byrja på ungdomsskulen, var eg litt i stuss om eg skulle byta til bokmål, fordi nynorsk er vanskelegare å skriva. Men sidan eg hadde hatt nynorsk frå første til sjuande klasse, tenkte eg at eg like godt kunne halda fram, forklarar 15-åringen.

Han vekslar òg mellom ulike målformer på melding og sosiale medium, avhengig av mottakar.

– Ofte skriv ein ikkje ord ein gong, men berre bokstavar. Når det er så kort, er det ikkje alltid eg gidd å ta fram nynorsken. Somme tider vert det halvvegs nynorsk, halvvegs bokmål og halvvegs engelsk, forklarar tiandeklassingen.

LES OGSÅ: «Det finst elevar som har bokmål som sidemål», skriv norsklektor Guro Stordrange

Språkdelte klassar
– Me må utvida bruksflata for skulespråket til nynorskelevane for at dei skal halda på nynorsken. Det å snakka om språk og språkhaldningar er avgjerande, meiner norsklærar Jorid Saure.

For å motverka vidare nedgang i talet på nynorskbrukarar i Fjell har ho dette skuleåret sett i gang eit målstyrkingsprosjekt. Målet er å løfta og styrkja nynorsken for alle elevane, uavhengig av målform.

I tillegg til norskundervisning delt inn etter målform har dei arrangert skrivekonkurranse for elevane, inspirasjonsseminar for lærarane og er i ferd med å laga ein digital portal med stoff knytt til språk og identitet.

– Læreplanane seier at alle elevane skal meistra både bokmål og nynorsk, og for å få til det må me ha tverrfaglege undervisningsopplegg med nynorsk og bokmål i alle fag, seier Saure.

I november stemte Stortinget for å greia ut om språkdelte klassar i ungdomsskulen. Saure er ikkje i tvil om at språkdelte klassar er viktige for å styrkja nynorskbrukarane i hovudmålet sitt.

– Dei dreg veksel på kvarandre og vert trygge på eige språk og identitet. Dei vert sterkare saman, forklarar ho.


Norsklærar Jorid Saure er overtydd om at det å samla nynorskelevane i ein eigen klasse styrkjer den språklege sjølvtilliten deira. Forskar Endre Brunstad vil sjå nærare på effekten av desse tiltaka.

LES OGSÅ: – Me burde kalla oss blaudisar, seier sørlandspatriot Birgitte Kleivset

Randssonestudie
Forskarar ved Universitetet i Bergen (UiB) er i ferd med å etablera eit forskingsprosjekt for å sjå nærare på kåra for nynorsken i Fjell og kva tiltak som fungerer.

Professor Endre Brunstad har teke turen frå UiB for å møta elevane på Fjell. Han er interessert i språksituasjonen i randsona for nynorsken og trur ein kan læra mykje av ungdommane i Fjell.

– Denne språkvekslinga vil eg tru er vanlegast hjå nynorskbrukarar. Det at dei har vurdert å skifta, tyder på at dei heile tida har ein refleksjon rundt språket sitt. Det er eit skifte mellom barneskulen og ungdomsskulen, men aller mest i vidaregåande. Det indikerer at ungdomsskulen er viktig, meiner Brunstad.

Forskaren meiner at tilflyttinga frå Bergen absolutt har spelt ei viktig rolle, men meiner at også identitet er ein viktig faktor. Difor tykkjer han det er ekstra interessant korleis ungdommane på det tradisjonelle strilelandet definerer seg som noko heilt nytt.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Stril – eit døyande språk?
– Morfar er den einaste eg kjenner som snakkar stril, seier Mats Bogstad, som har vore bokmålsbrukar sidan første klasse.

– Her på Straume lever ikkje strilamålet lenger. Me har ein slags nymotens dialekt, som eg ikkje trur dei hadde før. Skal du ha strilamål må du reisa heilt ut i Øygarden eller Sund, seier 15-åringen.

– Er de strilar? spør professor Brunstad nyfiken.

– Nei, svarar Eivind Grimstad kontant.

– Kva er de då?

– Noko heilt nytt, smiler Bogstad på veg ut døra.

Faktaboks

Fjell kommune er ein øykommune på Sotra i Hordaland

Sidan Sotrabrua opna i 1971 har folketalet auka frå 6936 til 24 870 i 2014

Administrasjonssentrum: Straume

Fjell har nynorsk som administrasjonsspråk, men under halvparten av elevane i grunnskulen (34 prosent) har nynorsk som hovudmål

Fjell grensar mot Bergen, Askøy, Sund og Øygarden

I 2016 vedtok nynorskkommunane Fjell, Sund og Øygarden ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing. Den nye kommunen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk

Kjelde: SNL