– Dårleg kosthald er omsorgssvikt

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meiner foreldre sviktar

– Foreldre som ikkje tek fysisk aktivitet, kosthald og livsstil på alvor, skader borna og gir dei sjukdomar, seier lege og forskar Charlotte Björk Ingul ved NTNU. Ho samanliknar det med fysisk vald.

– Dårlege matvaner og livsstil er like ille som det å slå, ein ser berre ikkje resultata før 20 eller 30 år seinare. Det er ingen som takkar foreldra sine for diabetes-diagnosen dei seinare får.

Tal frå Ung-HUNT 3 (Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag) syner at ein av fire gutar i alderen 13 til 18 år er overvektige eller har fedme. Blant jentene gjeld dette ein av fire.

HUNT syner at dei som tener minst og har lågast sosial status er overrepresentert når det gjelder overvekt og fedme. Fordi overvekt ”går i arv”, meiner Ingul det er svært viktig å nå frem til borna og ungdomane også på andre måtar enn via foreldra og heimen.

Meir fysisk aktivitet
– I skulen må det vere ein time fysisk aktivitet kvar dag og gratis skulemat. Ved å innføre det vil ein kunne spare samfunnet og einskilde for mykje kostnadar og liding, seier Ingul.

Ho understrekar at det å vere overvektig utgjer ein stor auka risiko for ei rekkje sjukdomar, mellom anna hjarte – og karsjukdommar og kreft. I tillegg er det 1,6 høgare risiko for tidleg død i lågare sosioøkonomiske grupper.

LES OGSÅ: – God hjelp å snakke om problem

Byrjar prosjekt i vidaregåande
Til hausten byrjar Ingul og NTNU eit pilotprosjekt i vidaregåande skule. Målet er å gjere skulematen betre og haldningane meir sunne.

– Vi ynskjer å møte elevar og tilsette i kantinene. Når eg snakkar med elever er eg ganske direkte. Eg fortel til dømes kva ein ferdigpizza inneheld. Den smakar eigentleg ingenting, men er tilsett smaksforsterkning. Eg spør om ungdommane har lyst til å putte slikt i kroppen sin, seier Ingul.

I fyrste omgang er det skular i Sør-Trøndelag som vil få informasjon og besøk. Seinare kan det verte aktuelt å tilby dette til skuler i heile landet.

Ingul ynskjer å nå dei som ikkje har fått ein sunn livsstil heimafrå.

– Det er utruleg viktig å lære ungdommane ein sunn livsstil før dei sjølv skal verte foreldre. Særleg når vi veit at omtrent samtlege born av overvektige, vert overvektige sjølv.

LES OGSÅ: Even venta i fire år

Krev meir innsats
Ingul meiner politikarane bør ta i bruk sterkare verkemiddel for å hindre at fleire vert råka av overvekt og fedme.

– Talet på røykarar har gått nedover. Der vart det brukt sterke kampanjar. Politikarane burde kjempa like sterkt mot fedme og overvekt, meiner Ingul.

Ho fortel at det i dag er vanleg å kommentere born og ungdom dersom dei er småspisarar, medan dei som over-et får vere i fred. Ingul meiner ein allereie i barnehagen må gripe fatt i dei som over-et, slik at dei får hjelp.

– Vi må innsjå at nokon vil ha problem med mat heile livet, slik som andre har problem med matteformlar eller rettskriving. Dei som slit i høve til mat må få hjelp og bli rettleia, vi må ikkje vere redd for å ta tak i det, seier Ingul.

Seks timar skjermtid
Årsaka til at vi er tjukkare no enn for ti eller tjue år sidan, skyldast meir inaktivitet eller det at vi stadig et fleire kaloriar. Dei lærde stridast om kva som er høna og egget.

– Barn sit ekstrem mykje. Nye tal frå USA syner at barn sit så mykje som seks timar framfor ein skjerm kvar dag. Når ein sit stadig meir i ro, får ein òg meir tid til å ete.

Slik bryr du deg
Viss du har vener eller familie som du er bekymra for fordi dei er i ferd med å verte overvektige eller er overvektige, meiner Ingul at ein bør tore å bry seg. I staden for å seie kva dei skal ete eller ikkje, foreslår Ingul at ein kan ta vener med på aktivitetar.

– Ein må byrje med det positive og vise at ein er glad i dei. Så kan ein høyre om dei treng hjelp eller vil ha råd og støtte, seier Ingul.

Ho anbefaler dei som treng hjelp å gå til Helsestasjon for ungdom, men meiner det ideelle hadde vore om helsesøstertilbodet vart utvida ved både ungdomsskulene og dei vidaregåande skulene.

Det har ikkje lukkast framtida.no å få ein kommentar frå Helsedepartementet. 

LES OGSÅ: Hei, angst!