Barna sitt beste skal telje meir

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den nye asylavtalen går det fram at barna sitt beste skal vektleggjast meir når mindreårige asylsøkjarar skal vurderast. Samtidig krev avtalen at foreldra oppgir rett identitet.

Utlendingsstyresmaktene skal vektleggje det som er «barnefagleg forsvarleg» i større grad enn tidlegare, ifølgje avtalen. Heilt konkret listar avtalen opp fleire omsyn som skal vektleggjast: Alderen til barnet, behov for stabilitet og kontinuitet, kor lenge barnet har budd i Noreg og kva slags språk barnet snakkar. I tillegg er helsesituasjonen nemnt, både fysisk og psykisk i tillegg til barnet sitt forhold til venner og nærmiljø.

Asylstyresmaktene skal også vurdere foreldra si moglegheit til å gi omsorg dersom barnet blir sendt tilbake til heimlandet, og korleis den menneskerettslege situasjonen er der.

Avtalen strekar likevel under at «dersom det skal gis opphald på grunn av barnet si tilknyting til riket, må foreldra som hovudregel ha medverka til å avklare eigen identitet og bidrege til å mogleggjere retur.» (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om innvandring?