As long as you love tentamen
Justin Bieber eller heildagsprøve? Grei ut og drøft.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skular i Ålesund har flytta ein tentamen for at elevane skal få gå på konsert med Justin Bieber. Dette har naturlig nok blitt kritisert og latterliggjort. For dette handlar om respekten for skulen. Om kva som eigentlig er viktig. Om kva skulen er og skal vere. Og kva rolle skulen bør ha i liva til dei unge menneska som om nokre år skal ta over samfunnet.
Ungdom er ungdom, naturligvis. Men vi som er vaksne no, vi som veit kva samfunet og livet krever av oss etter skuleåra, vi må spørje oss: Kva det er som har forma oss og sett oss i stand til å delta i samfunnet? Kva er det som har gjort oss til dei menneska, borgarane, vennene, kollegaene, skattebetalarane, veljarane og familiemedlemmene vi er? Eg trur eg veit kva dei aller fleste av oss vil svare på desse spørsmåla:
Tentamen.
Og ikkje berre tentamen, men at tentamen alltid gjekk føre seg på nøyaktig den dagen det skulle vere tentamen etter dei opprinnelige planane, og ikkje ein annan dag rett før eller rett etterpå.
Det er dette som har forma oss. Det er derfor samfunnet vårt heng i hop. Det er derfor det er såpass bra oppslutning når det er val i Norge. Det er derfor dei fleste av oss ikkje har blitt kriminelle. Det er derfor folk stort sett møter opp og gjer jobbane sine. Tentamen. På den dagen tentamen skulle vere. Ikkje ein annan dag. Det var dette som viste oss at det finst reglar og orden i livet. Slik blei vi vaksne. Slik forstod vi. Det er dette som har gjort oss til gode konsulentar, lærarar, forfattarar, butikkmedarbeidarar, veljarar, mødrer, fedrar, reklamefolk, lokalpolitikarar, idrettsleiarar, kjærastar, frivillige, bartenderar, kokkar og medmenneske.
Tentamen. På den planlagte dagen.
Vi som er vaksne no: Kva er det vi snakkar om når vi møtest, kva er det vi ser tilbake på? Kva er det vi aldri blir ferdige med? Kva er det vi tenker at vi er aller mest glade for at vi fekk med oss i ungdommen?
Tentamen.
Ikkje store opplevingar med store idol saman med gode venner og likesinna, langt heimanfrå.
Nei nei nei. Tentamen.
Om du les biografiar og portrettintervju med vaksne samfunnsstøtter som ser tilbake på ungdomsåra, kva er det dei alltid framhevar, alle som ein?
Tentamen. På rett dag.
Og norsk kulturliv? Kva ville det vore utan tentamen på rett dag? Sjå på norske forfattarar. Norske oppvekstromanar. Kva er det dei handlar om?
Eg har ikkje lese alle norske oppvekstromanar, men eg har heilt klart inntrykk av at dei aller aller fleste handlar om den avgjerande livsforandrande opplevinga det er å ha tentamen på den fastsette dagen.
Så vidt eg veit finst det ingen norske romanar som handlar om vennskap, konsertar, forelsking, eventyr, reiser heimanfrå. Ikkje musikk heller. Det har aldri blitt skrive songar om slikt. Ein kan like det eller ikkje, men det er og blir ei kjensgjerning at nesten alle norske songtekstar handlar om tentamen på planlagt dag.
Og når det gjeld alle dei som no har slips og lite hår: Dersom Beatles hadde hatt konsert i nærleiken då dei var unge, så er eg heilt sikker på at dei resten av liva sine ville ha prisa seg lykkelige over at dei prioriterte å gjere det brukbart på tentamen i staden for å hyle på Beatles-konsert. Beatles kan du trass alt høyre på plate. Og besvime litt, heilt åleine på kontoret ditt.
Men no har eg ikkje tid til å skrive meir. Eg skal nemlig ta til på første bind i mitt store verk om oppvekst i Norge i oljealderen. Romanverket vil få tittelen «Heildagsprøver 1978-1989». Gled dykk!
Først publisert på Aftenposten 6. april.