Ap vil verne delar av LoVeSe. – Ikkje godt nok, seier AUF-leiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

AUF om AP-forslag: – Ikkje godt nok

Programkomiteen i Arbeidarpartiet la måndag fram det dei kallar ei tredelt løysing i spørsmålet om olje- og gassverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe).

Den tredelte løysinga er ein del av forslaget til partiprogram for perioden 2017–2021.

NRK skriv at forslaget frå programkomiteen inneheld følgjande delar:

1. Innføring av petroleumsfrie soner utanføre LoVeSe, samt opprette nasjonalpark i den sørlege delen av Lofoten.

2. Konsekvensutgreie feltet kalla Nordland 6, sør-vest for Lofoten. Området inkluderer sydspissen av Lofoten.

3. Vente med områda Nordland 7 og Troms 2. Desse områda vil først kunne bli konsekvensutgreia etter neste stortingsperiode, frå 2021.

Varsemd
Havområda sør-vest for Lofoten har dei største oljereserva i LoVeSe.

– Dette er eit særleg sårbart område der det er behov for å vise stor varsemd, særleg når det gjeld dei viktige fiskeriinteressene, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.

Ein samla programkomité, med unntak av AUF-representantane, stiller seg bak løysinga.

– Arbeidarpartiet er spesielt opptatt av at aktivitet skal gi sterkare ringverknader lokalt i Nord-Noreg og vil stille strengare krav til oljeselskapa om dette, understrekar Støre.

Vil mobilisere fram mot valet
AUF-leiar Mani Hussaini er ikkje nøgd med forslaget om å konsekvensutgreie havområda sør-vest for Lofoten.

– For oss er ikkje dette eit kompromiss. Fram mot Arbeiderpartiets landsmøte vil vi mobilisere for at heile LoVeSe skal vere oljefritt. Denne kampen skal vi vinne!, seier Hussaini.

Også Natur og Ungdom lovar kamp mot kompromissforslaget frå Arbeidarpartiet, som først vart omtala i pressa før helga.

– Etter 15 år med kunnskapsinnhenting tilseier alle miljøfaglege råd at olja i desse områda må bli i bakken, sa Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær søndag.