Ammeborn får høgare sosial status

Born som vert amma kan ha større sjanse for å klatre på den sosiale rangstigen.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amming gjev status

I ein ny britisk studie vert amming knytt til sosial klasse, ifølgje Livescience. Forskarane undersøkte 34 000 personar i Storbritannia, som var fødde i 1958 eller i 1970. Dei samanlikna deira sosial klasse i alderen 33 og 34 med fedrene sin sosiale klasse då dei var born.

Dei av deltakarane som hadde blitt amma i barndomen hadde større sannsyn for å ha klatra oppover i det sosiale hierarkiet i vaksen alder. Sosial klasse definerte forskarane ut frå kva yrke deltakarane hadde.

I studien fann ikkje forskarane berre at amming auka sjansen for å klatre oppover med 24 prosent, men også at det reduserte sjansen for å få lågare sosial status med 20 prosent.

Betra kognitive evner
Ifølgje forskarane kan resultata tyde på at amming forbetrar borna si nevrologiske utvikling, slik at dei fekk betre kognitive evner. I arbeidslivet gav dette ammeborna ein føremon.

LES OGSÅ: Mann fekk betre syn av 3D-film.

I tillegg hadde born som hadde blitt amma færre teikn på emosjonelt stress. Dette kan også ha bidrege til suksess seinare i livet, ifølgje studien.

Næringsstoff og hudkontakt
Tidlegare studiar har tyda på at næringsstoffar i brystmjølk kan forbetre kognitiv utvikling hjå born. I tillegg har hudkontakten mellom mor og born blitt knytt til sterkare band mellom dei to, og redusert stress.

Les meir om studien her.