EU-forskarar: Den globale varmerekorden for august vart tangert førre månad

Den globale varmerekorden i fjor for august vart tangert førre månad, ifølgje EUs klimaovervakingsteneste.

NPK-NTB
Publisert

Ferske tal frå klimaovervakingstenesta C3S vart offentleggjord natt til fredag. Berekningane viser at gjennomsnittstemperaturen i verda i august var på 16,82 grader.

Dette er nøyaktig det same som i august i fjor, då det vart sett ny global varmerekord for denne månaden.

Varm 2024

Snittemperaturen globalt dei tre siste månadene er den høgaste som nokon gong er registrert i perioden på året med sommar på den nordlege halvkula. Den høgaste daglege globale snittemperaturen som nokon gong er registrert, var i slutten av juli.

– Dei temperatur-relaterte ekstrema vi har sett denne sommaren, vil berre bli meir intense, med meir øydeleggjande konsekvensar for menneska og planeten, viss vi ikkje raskt tek grep for å redusere utsleppa av klimagassar, seier Samantha Burgess, visedirektøren i klimaovervakingstenesta.

Ho meiner rekka av varmerekordar aukar sjansane for at snittemperaturen i verda i 2024 blir endå høgare enn i rekordåret 2023.

– Viktigare enn nokon

Fungerande klima- og miljøminister Tore O. Sandvik seier at kvar auke i temperaturen gjer både menneska og naturen meir sårbare for klimaendringane.

– Det er derfor viktigare enn nokon gong at vi i Noreg og alle land i verda kuttar utsleppa raskt og held fast på dei ambisiøse måla vi har sett oss for å avgrense klimaendringane, seier Sandvik til NTB.

Sandvik, som til vanleg er statssekretær i Næringsdepartementet, vikarierer for Andreas Bjelland Eriksen, som er i foreldrepermisjon.

– Sjølv om Sør-Noreg har opplevd kaldare vêr enn vanleg for august, er klimaendringane framleis ein realitet. På fastlandet opplever vi meir ekstremvêr enn før, og ingen stader i verda går oppvarminga hurtigare enn ved polane, seier han vidare.