Akutt mangel på studentbustader: – Det hastar med løysingar

Regjeringa er førebels langt unna å nå målet frå Hurdalsplattforma om bygging av 3000 nye studentbustader i året. Norsk studentorganisasjon meiner det hastar.

NPK-NTB-Pernille Dalgaard
Publisert

Det manglar nær 14.000 studentbustader for å nå målet om at ein av fem studentar skal kunne bu i ein studentbustad, seier leiar Kaja Ingdal Hovdenak av Norsk studentorganisasjon (NSO) i ei pressemelding. No meiner NSO at det hastar å finne løysingar.

– Det burde ikkje vere for mykje å be om ein studiestart utan frykt for å mangle tak over hovudet. Vi er bekymra for at bustadmangel og dårleg studentøkonomi tvingar oss til å seie frå oss studieplassen, seier ho.

Langt unna byggjemål

Frå Hurdalsplattforma i 2021 uttalte regjeringa at dei ville trappe opp studentbustadbygginga med mål om 3000 bygde bustader i året.

Tal frå Samskipnadsrådet, som er samarbeidsorganet for dei 14 studentsamskipnadene i landet, viser at tilskotet til nye hybeleiningar løyvd av regjeringa var 1630 einingar i 2021 og 1650 einingar i 2022 og 2023. I statsbudsjettet i år foreslo regjeringa også å tildele tilskot for 1650 studentbustader.

Tilskotet frå regjeringa legg grunnlaget for igangsetjing av byggjeprosjekt hos studentsamskipnadene. Ifølgje tal for ferdigstilte prosjekt frå Samskipnadsrådet vart det ferdigstilt 857 nye hybeleiningar i 2021, 1292 i 2022 og 752 i 2023.

– Tilskot til studentbustader er eit utdanningspolitisk verktøy som bidreg til å supplere den private marknaden, seier styreleiar Rita Hirsum Lystad i Samskipnadsrådet til NTB.

Ønskjer betre rammevilkår

Lystad er klar på at dei har som mål å byggje fleire studentbustader, men dei må ha betre rammevilkår for å få det til.

– Regjeringa har kutta i tilskotet som blir gitt per bustad i forhold til kostnadsramma per hybeleining. Det gjer at ein ikkje kan realisere alle prosjekt fordi husleiga eller lånekostnadene på bygginga av bustadene blir for høge.

Ho understrekar at det er rammevilkåra som avgrensar og forseinkar prosjekta, og er særleg forsterka av auka byggjekostnader dei siste åra. Regjeringa valde i 2023 å auke kostnadsramma for kva ein studentbustad kan koste for å få tilskot, men tilskotet følgde ikkje etter.

– Dersom regjeringa held oppe nivået og ønskjer å gi tilsegn til 1650 studentbustader i 2025, vil ikkje desse kunne realiserast med dagens rammevilkår, seier Lystad.

Dei viktigaste tiltaka Samskipnadsrådet ønskjer frå regjeringa, er auke i tilskotet til studentbustader og moglegheit for byggjelån i Husbanken, seier ho.

Ønskjer ikkje måltal

NSO har eit mål om at 20 prosent av studentane skal kunne bu i studentbustad, men i 2024 ligg dekningsgrada på 14,94 prosent.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) seier til NRK at regjeringa ikkje ønskjer å setje eit nasjonalt måltal, slik NSO gjer.

– Viss vi set eit nasjonalt måltal, kan vi risikere at det blir bygd for mange studentbustader enkelte stader, som blir ståande tomme, medan det andre stader manglar bustader, seier Hoel til NRK.

Ifølgje ministeren er det etter auka kostnadsrammer frå regjeringa rekordhøg aktivitet i studentbustadbygging, med over 3400 hybeleiningar under bygging.

Samskipnadsrådet peikar også på manglande tomter som ein avgrensande faktor for bygging. Raudt skriv i ein e-post til NTB at dei vil fremje forslag for Stortinget om å gå gjennom den statlege tomteporteføljen for å identifisere eigna tomter. Dei vil også utvide mandatet til statlege eigedomsaktørar og gå i dialog med kommunar og universitet for å identifisere eigna tomter.