20 år gamle Linda Eide hadde enno ikkje funne ut at ho var homo, og hadde ein sterk kjærleik for radio.

Åshild Slåen
Publisert

– I 1989 skjedde jo alt mogleg!

Framtida.no slår på tråden medan Linda Eide syklar opp til Fløyen i Bergen, berre eit par månader etter det vart kjent at NRK-programmet hennar, Eides Språksjov, er lagt ned. 55-åringen frå Voss sa opp den faste jobben i statskanalen med effekt 1. juni, men blir likevel å sjå som programleiar att i august når NRK sender jubileumssendinga Landsloven minutt for minutt.

Vi ringer for å høyre korleis mediekarrieren hennar starta, i 1989.

Starten som radiojournalist

Eide er eit kjent fjes for mange, gjennom program som Norsk attraksjon og Eides Språksjov, og ho har vore ein NRK-profil på både radio og TV i fleire år.

Yrkeskarrieren i Bergen starta allereie i 1990, då ho budde i eit kollektiv med tre andre, var ringevikar for NRK Hordaland, og kasta seg på alle oppdrag ho kunne få.

– Eg kunne ha veldig tidlege vakter og var gjerne oppe 5 om morgonen, før dei andre eg budde med hadde lagt seg frå festinga kvelden før.

Det var radio som gjaldt, og den draumen starta nettopp året før, då ho vart 20.

Ho gjekk på den toårige journalistutdanninga i Oslo, som ho hadde sagt opp jobben i avisa Hordaland for. Om sommaren var ho vikar ved NRK-kontoret i Førde, og fór rundt i Sogn og Fjordane for å lage radioreportasjar. Då gjekk det i nyheiter om lokalpolitikk og samferdsel, men den store verda banka også på døra.

Linda Eide på jobb på 90-talet. | Foto: Privat

Ein ting som gjorde inntrykk var studentopprøret i Bejing.

– Eller Peking, som vi kalla det då. Det var veldig spennande, med mannen som stod framfor tanksen. Eg hugsar det var mange ekstrasendingar som vi måtte ta omsyn til, medan vi venta på å kunne sende lokalsendingar.

På morgonmøte var ho ganske avmålt, og ho har fått høyre seinare frå den dåverande redaksjonssjefen, Magni Øvrebotten, at ho verka veldig usikker.

– Men eg elska å køyre rundt og prate med folk.

Ho har framleis mange venar frå tida som sommarvikar i Førde.

– Verda kan endre seg

På hausten vende ho nasen tilbake til Oslo.

I 1989 vart det mest fysiske beviset på den kalde krigen borte. Skiljet mellom Aust- og Vest-Berlin vart broten ned då muren fall. | Foto: Sue Ream, CC BY 3.0, via Wikimedia Commons

Det var også då muren fall i Berlin. Linda sat på soverommet ho leigde i leilegheita til ei dame, klistra til radioen.

– Eg hugsar eg tenkte: «Hæ, er det mogleg at verda forandrar seg?» Eg vaks opp med at kald krig, og ein mur som skilde aust og vest, var heilt naturleg.

I dag har ho ei leilegheit i Berlin, og ho har prata med tyskarar som kjende på den same vantrua då det skjedde.

– Ein trur jo at alt kjem til å vere akkurat slik som det har vore når ein var yngre. Eg trur det var fyrste gong eg verkeleg forstod at verda kunne endre seg.

Folkerock og irske klassikarar

Når det ikkje var jobb eller studium, var det musikk som gjaldt. Radioentusiasten Eide er sikker på at fascinasjonen for musikk og lyd spelte ei stor rolle i kva veg ho gjekk.

– Eg var superfrelst på irsk folkemusikk. Det gjekk mykje i sterke vokalistar, ikkje heilt rock ‘n’ roll, men folkrock.

I tillegg let ho seg sjarmere av Joni Mitchell.

– Eg har alltid vore litt tilbakeskodande når det kjem til musikk, innrømmer ho.

Det hindra henne ikkje frå å bli riven med då irske The Cranberries braut gjennom med debutalbumet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? året etterpå.

Framtidstru og legning

– Hugsar du kva du gjorde på 20-årsdagen din?

– Då reiste eg opp til Gjøvik med ein gjeng. Der var det fleire frå grenda eg vaks opp i, blant anna Arnstein Bjørke, som seinare starta forlaget Vigmostad & Bjørke.

I Oslo hadde ho ikkje så mykje sosialt liv, anna enn på skulen, og fleire ho kjende studerte på eller rundt Gjøvik.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– No var livet forbi. 20 år. Eg var veldig lite framtidstenkande, og ante ikkje kva eg skulle.

Ho har ei aning av kva mangelen på framtidstru kom av:

– Eg trur det heng saman med at eg då ikkje hadde skjønt at eg var homo. Eg såg ikkje for meg ei framtid og skjønte ikkje kva som var feil med meg. Alle andre fekk kjærastar og byrja å planlegge ungar, også var eg ikkje der i det heile tatt.

Ho lurte rett og slett på kva som var problemet hennar.

– Då eg skjønte det falt utruleg mykje på plass.

Det mislukka møtet med Gro

Sjølv om den personlege framtida verka dyster, hadde Eide utruleg mykje framtidstru for verda. 1989 var eit år for endring, og det at muren fall er eit av dei sterkaste minna ho har frå nyheitene.

Det sterkaste personlege minnet er litt annleis, sjølv om ho ei stund hadde fortrengt det.

19. april 1989, kvelden før 50-årsdagen til Gro Harlem Brundtland, køyrde Linda Eide bil ved Bygdøy, med eit flott nytt fotoapparat.

På journalistutdanninga hadde dei nettopp hatt fotokurs, og då ho såg ein syklist som låg i grøfta, svinga ho over med kameraet klart.

– Akkurat då kom det ein svart bil. Ut stig Gro og skal hjelpe.

Gro Harlem Brundtland, med bursdag dagen etterpå, og som kom til å bli statsminister på nytt berre eit halvt år seinare. Med andre ord, dette er ein våt draum for journaliststudenten Linda Eide.

– Dette er jo eit fantastisk bilete, statsministeren som tek munn til munn på ein mann. Også klarar eg ikkje å ta det biletet.

Eit faktum som var fullstendig uforståeleg for den eine medstudenten ho innrømte hendinga til dagen etterpå. Etter ei runde på mørkerommet var det einaste beviset dei kunne finne av at det faktisk hadde skjedd eit bilete av Gro Harlem Brundtland på veg vekk frå staden.

– Eg hadde fortrengd det, og tenkt at det ikkje kunne ha skjedd, før eg fann att det biletet.

Det vart med andre ord ikkje eit bilete som kunne starte bodkrig mellom VG og Dagbladet, og som kunne finansiert heile studietida, men Linda Eide fekk ei god historie ut av det.

Den har ho brukt for alt det er verdt på både Lindmo og i ei av bøkene sine.

Språkmedvit frå Ingvild Bryn

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Eg veit ikkje. Privat så hadde eg ikkje den eine personen. Eg kunne jo alltids ringe mor då. Fagleg såg eg veldig opp til Ingvild Bryn. Ho fekk meg også inn i mediemållaget, og gjorde meg medviten på språket mitt.

Ingvild Bryn som tjueåring. Foto: Privat

Kan ikkje gjere noko med den du var

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg er ikkje så glad i å sjå meg sjølv som ung. Likevel, eg såg nyleg nokre klipp av meg sjølv då eg starta, og det var ikkje så gale.

Det var på ei avtakking i NRK, då ho såg klipp av seg sjølv, tidleg i karrieren si. Ho synest at ho var ei litt bleik utgåve av den ho er i dag.

– Du kan ikkje gjere noko med den du var, og eg føler meg som ein heilt anna person no.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv som 20-åring?

– Eg trudde alltid at alle var flinkare, så eg ville sagt: «Ha litt meir tru på deg sjølv!» Men ikkje heilt overdriven tru.

Og eit tilleggsråd:

– Kjøp deg litt finare klede.