Redaktør får heider for nynorsk i BA

Den nynorske pennen til politisk redaktør Sølve Rydland er viktig, meiner mållaget.

Åshild Slåen
Publisert

Då Sølve Rydland i 2022 vart tilsett som politisk redaktør i Bergensavisen (BA) i 2022, gjorde avisa ei endring: dei opna opp for redaksjonelt innhald på nynorsk.

To år seinare heidrar Noregs Mållag Rydland sin innsats for nynorsken, og redaktøren har no fått målblomen.

– Nynorskbrukarane må sjå språket sitt, også i avisene, skriv Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Han synest det er gledeleg at BA opna for meir enn bokmål.

No kan ein sjå debattinnlegg og artiklar frå samarbeidsaviser på nynorsk, og i februar kom den første nynorske artikkelen produsert av ein av deira eigne journalistar.

– For at nynorsken skal få den plassen han fortener er han avhengig av at nokon tar denne plassen. Den plassen tar Sølve Rydland kvar veke, seier Peder Lofnes Hauge.

Rydland fekk målblomen i redaksjonslokala til BA 11. juni.