EU-valet: – Mykje viktigare for Noreg enn presidentvalet i USA

Ytre høgre gjer brakval i Europaparlamentet og Emmanuel Macron løyser opp den franske nasjonalforsamlinga. Sjølv om vi ikkje kan stemme, har EU-valet stor innverknad på oss i Noreg.

Oda Sundgot
Publisert

I 2024 bur nesten halvparten av menneska i verda i eit land som skal ha val.

6. til 9. juni kunne over 300 millionar menneske i 27 land stemme i Europaparlament-valet.

– Valet i Europaparlamentet påverkar ikkje berre utanrikspolitikken til Noreg, men òg lovane våre, seier leiar i Europeisk Ungdom, Ulrik Stange på telefon til Framtida.

European People’s party, som liknar norske Høgre, gjorde eit veldig godt val og heldt på den største delen av Europaparlamentet. Det tyder på at noverande EU-president Ursula von der Leyen får halde fram i fem år til.

Mest dramatikk ser vi i Frankrike, der Marine Le Pen sitt parti, Rassemblement national (Nasjonal samling), blei dobbelt så stort som partiet til president Emmanuel Macron. Macron valte difor å lyse ut nyval av nasjonalforsamlinga. I Tyskland ser vi òg at ytre høgrepartiet Alternativ für Deutschland gjer det mykje betre enn sosialdemokratane som styrer no.

Spådd høgrebølge

Ulrik Stange er leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Karl Johan Stensland

– Framvekst av ytre høgre er eitt av temaa vi har vore opptatt av i dette valet, seier Stange.

Det var forventa framgang for ytre høgreparti, men leiar i Europeisk Ungdom, Ulrik Stange, blei likevel overraska over valresultata.

– Dei grøne partia har tapt mange mandat, det såg vi ikkje kome, seier han.

Klima, personvern og kunstig intelligens har vore blant dei viktigaste sakene for Stange i dette valet.

– Eg er redd klimapolitikken blir oversett av høgrepartia.

– Ingen respekt til norsk demokrati

I EØS-avtala har Noreg plikta seg til å ta inn EU sine regelverk slik at det er fri straum av pengar, varar, tenester og personar i EU og EØS. Noreg kan ikkje vere med å bestemme i EU, men vi kan kome med faglege innspel.

– EU-lovane går som regel inn i norsk lovgiving på grunn av EØS-avtala. Det er synd at vi i Noreg ikkje får delta i lovgivinga, seier Stange.

Han ser på EØS-avtala som problematisk og skildrar avtala som eit demokratisk underskot.

På dette punktet er leiar i Ungdom mot EU, Kim Renè Hamre, einig.

Kim Renè Hamre er leiar i Ungdom mot EU Foto: Jenny Raquell

Hamre er kritisk til graden Noreg tar europeiske lovar inn i vårt lovverk. Utanriksminister Espen Barth Eide fortalte TV2 at han reknar med at Noreg tar inn om lag 90 prosent av lovane som blir vedtatt i EU.

– Dette vitnar om at dei ikkje har respekt for norsk demokrati, og at dei ikkje tar folket sitt nei på alvor, seier Hamre til Framtida på telefon.

Han trur dei gode valresultata til ytre høgre viser ei misnøye blant EU-borgarane.

– Byråkrati er det motsette av folkestyre. Den låge valdeltakinga sender eit tydleg signal om at folk er lei av EU sitt byråkrati.

Valdeltakinga i Europaparlament-valet var om lag 51 prosent i år.

Meir makt til høgre

Truleg vil dei neste 5 åra i EU vere under kristendemokratisk leiing. Men ytre høgre har fått meir makt i Europa no enn dei hadde før.

– EU-valet er mykje viktigare for Noreg enn presidentvalet i USA, seier Stange.

– Særleg i sikkerheit-, helse- og klimapolitikk følger Noreg etter EU. Det er synd at nordmenn ikkje får vere med å bestemme, særleg viss vi er ueinige.