Honduras klaga inn til FNs menneskerettskomité for abortforbod

Oppmodinga vart levert på vegner av ei kvinne som måtte gjennomføra ein graviditet etter valdtekt.

Kristin Molvær
Publisert

For første gong vert Honduras teke til eit globalt menneskerettsorgan på grunn av totalforbodet mot abort, melder The Guardian.

Aktivistar meiner forbodet bryt med kvinners grunnleggjande rettar og landets internasjonale forpliktingar.

Senter for reproduktive rettar og senteret for kvinners rettar i Honduras, klaga staten inn til FNs menneskerettskomité denne månaden på vegner av ei honduransk urfolkskvinne.

Tvungen graviditet

Urfolkskvinna frå Nahuafolket, kjent under pseudonymet «Fausia», vart angripen av to menn og valdteken av ein av dei i 2015 som hemn for arbeidet hennar som miljø- og menneskerettskjempar. Ho vart nekta tilgang til nødprevensjon, fordi det var forbode i Honduras fram til i fjor. Då ho søkte medisinsk hjelp, vart ho møtt med motstand og truslar.

– Eg fortalde legen at eg ikkje ønskte å vere gravid og ville ha abort, og han fortalde meg at om eg tok det, ville eg hamne i fengsel, seier Fausia til The Guardian.

Kvinner som tar abort og medisinsk fagpersonell som utfører ein, risikerer opptil seks års fengsel. Forbodet vart i 2021 forsterka av ei grunnlovsendring, som auka antal stemmer som trengst for at Kongressen skal endre abortlova.

Det strenge forbodet vert no utfordra for første gong i eit internasjonalt organ. Organisasjonane som støtter Fausias klage vil at FN-komiteen skal slå fast at totalforbodet er eit brot på kvinner og jenters grunnleggjande rettar.

Abort i Latin-Amerika

Honduras er ikkje aleine om forbodet. Også i El Salvador, Haiti, Nicaragua, og Den dominikanske republikk er abort forbode under alle omstende.

Fausia og familien hennar har fått dødstruslar medan ho kjempar for rettferd. Gjerningsmennene hennar er dømde, men kan framleis anke.

– Fausias sak er ikkje ein individuell tragedie. Den illustrerer dei skadelege effektane av det absolutte forbodet mot abort i Honduras. Den er eit eksempel på systematisk bruk av seksuell vald mot kvinner, og fullstendig fornekting av seksuelle og reproduktive rettar, seier Carmen Cecília Martínez López frå senteret for reproduktive rettar.