Identitet

«Pride-månaden er over, men det er dessverre ikkje kampen»

Eg håpar at menneska i desse kommentarfelta kan bli betre, rausare og smartare menneske, skriv artist Una Sand (27) etter å ha sett trugslane på TikTok.

Una Sand (27)
Artist og alliert
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget var først publisert på Instagram og er omsett og republisert med løyve.

Etter å ha kjent gleda, stoltheita, og mengda kjærleik og kjensla av solidaritet på pride gjer det vondt så langt inni meg å lese det folk skriv.

Det gjer meg vondt for alle som kan føle seg utrygge fordi dei elskar den dei gjer, som ikkje tør å gå i tog, eller ser seg ekstra over skuldra i kvardagen.

Det gjer meg vondt for alle som synest det var vanskeleg å kome ut av skåpet, men endeleg gjorde det, og skal halde fram å møte motstand og drit.

Det gjer meg vondt, at andre menneske prøver å øydelegge den tryggleiken eg og min familie prøver å skape blant oss og i oss.

Det gjer meg vondt for alle som kjenner på frykt for seg og sine på grunn av endelause trugslar, haldningar som blir ytra og handlingar som blir gjort.

quote-left

Det er synd på den som ikkje har lært seg å sjå det vakre i mangfald, i menneske, i kjærleik.

quote-right

Min første reaksjon er å tenke at desse menneska skulle fått oppleve sin eigen medisin, men dit skal eg ikkje søkke.

Eg tenker heller at det er synd på den som ikkje har lært seg å sjå det vakre i mangfald, i menneske, i kjærleik.

Det er synd på dei som føler noka form for negativitet eller trussel i noko så fundamentalt og fint som kjærleik. Og eg håpar, med alt eg har, at menneska i desse kommentarfelta heller kan bli betre menneske, rausare menneske og smartare menneske, så vi kan få ei betre verd for alle.

Pride-månaden er over, men det er dessverre ikkje kampen.

Merknad: Bileta i innlegget er henta frå ei direktesending på TikTok, som ikkje er gjort av Una Sand. Oslo-politiet etterforskar saka som hatkriminalitet, melder NRK.no.