Identitet

«Eg kjem alltid til å vere redd for at buksa ikkje passar»

«Eg vil alltid tvile litt på meg sjølv, ha litt dårleg sjølvtillit og synast det er litt skummelt å dra på date fordi eg er redd at eg ser tjukkare ut i røynda enn på bilete», skriv Sonja Iren Johnsen.

Sonja Iren Johnsen (24)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget var først publisert på Instagram og er omsett og gjengjeve med løyve.

Uansett kor mykje mindre eg blir, kjem eg alltid til å vere litt redd for kva andre tenker om meg, litt redd for kva folk seier bak ryggen min og litt redd for at nokon skal seie noko stygt til meg.

Eg kjem alltid til å vere redd for at buksa ikkje passar, for at nokon skal sjå eg kjøper «noko godt» på butikken og lure på kva dei tenker, eller dra på restaurant og alltid seie nei til dessert fordi eg ikkje vil passe inn i det eg trur dei tenker når dei ser meg.

Eg vil alltid tvile litt på meg sjølv, ha litt dårleg sjølvtillit og synast det er litt skummelt å dra på date fordi eg er redd at eg ser tjukkare ut i røynda enn på bilete.

Eg vil alltid:

Ta ei pute over magen når eg sit i sofaen.

Vere redd for at nokon skal kommentere på vekta mi.

Samanlikne meg sjølv med venene mine.

Prøve å skjule storleiken i kleda mine så ingen ser det.

Ikkje tørre å seie vekta mi høgt.

Ha blanda kjensler om ferie, fordi eg eigentleg gruer meg litt til å gå i bikini.

Grue meg til å gå til legen i tilfelle han berre skal kommentere på kor stor eg er.

Eg vil alltid hugse korleis ein har det i ein tjukk kropp.