Arnfinn Kolerud

Fødd 1968, kjem frå Isfjorden i Romsdal, og er barne- og ungdomsbokforfattar. Debuterte med "Berre ikkje brøyteplogen kjem" i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. "Den som ikkje har gøymt seg no" (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. Boka blei nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane. Les meir på Samlaget.no og Allkunne.no