Det du treng for å lansere ei bok.

 

Du treng:

– Eit lokale med plass til tjue menneske
– tjue menneske, helst kjekke
– nokre bruskasser å stå på
– mat og drikke
– nokon som kan ta bilde for lokalavisa
– ei ny bok

For kort tid sidan hadde eg sleppefest på den lokale kafeen, berre to minutt frå døra mi. Helst skal ein ha lansering i Oslo, hovudstaden, og håpe å fylle ein sal. Men når ein tenker etter – kor mange kjenner ein eigentleg i Oslo? Nesten ingen. Og kor mange kjenner ein i sin eigen småby? Nesten alle.

Ein quiz, helst litterær, helst nynorsk, passar godt til fingermat og kvitvin. Her er spørsmål 10 frå min:

Fyll inn dei to manglande orda i dette Tor Jonsson-verset. Dei to orda rimar:

Kom ikkje inn i mitt hus
du som er glad i ______
Hit kan eg aldri ______
den som eg elskar

Etterpå var alle einige om at det hadde vore ein fin kveld og at det var boklansering altfor sjeldan. Du må gi ut bøker oftare, sa folk. Det går jo år mellom kvar gong. Men, seier eg, ein kan vel lansere noko anna enn bøker? Ein kan like gjerne lansere eit langt skjerf, nokre tomatar i ein solvegg, eller eit rekkverk du sjølv har laga til ei tråpp. Rett nok kan du ikkje selje kopiar av rekkverket til gjestane, og det er ikkje sikkert lokalavisa vil skrive om det, men om du spanderer mat, drikke og quiz på folk, kan du fint selje tomatar for femti kroner stykk etterpå. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

Kommentarar

ANNONSE