Vil ha slutt på moped-førarkort

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha slutt på førarkort

– Klasse AM er ei køyretøyklasse som i særs begrensa grad greier å passe inn i det moderne, norske trafikkbiletet. Klassa har store vanskar med å fylgje §3 i vegtrafikkloven (Lov om vegtrafikk, LOV-1965-06-18-4), som seier: «Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.» Spørsmålet er om hindringa av trafikken er unødig, heiter det i eit framlegg frå Ungdomsrådet i Ørsta til Ungdommes fylkesting.

LES OGSÅ: Gjev motorundervisning i kulturskulen

Maks 45 km/t
Klasse AM er ei internasjonal køyretøyklasse som gjeld alle typar moped, og den viktigaste karakteristisikken av denne klassa er ei maksfart på 45km/t og at du kan ta førarbevis når du er 16 år. Ungdomsrådet i Ørsta meiner at køyretøyklassa ikkje lenger passar inn og at det er mange som modifiserer køyretøy slik at dei ikkje lenger går inn under kriteria.

– Mange vel å ulovleg modifisere køyretøyet (brot med §13 i vegtrafikklova). Det er i mange tilfelle ein enkel modifikasjon å auke maksfarta på køyretøyet til det ulovlege. Dette gjer at køyretøyet ikkje lenger fyller krava for klasse AM, men helder A1 eller T (nokre tilfelle av AM147; tre- eller firehjulsmoped). Ulovleg modifisering av denne klassa gjer at folk køyrer farlege køyretøy, og førarane utan opplæring utgjer ei fare for seg sjølve og andre medtrafikantar. Ulovleg modifiserte AM-køyretøy er i dag ofte A1-køyretøy i praksis; ingen begrensing på maksfart, men med ei begrensing i slagvolum på 125cm.

LES OGSÅ:Fleire mjuke trafikantar døyr i trafikken

Vil annulleranførarbevis
I forslaget til vedtak meiner Ungdomsrådet at det ikkje burde vere mogleg å registrere eit køyretøy som klasse AM, eller nokon av underklassene, men heller ei anna klasse. At andre køyretøyklasser, deriblant A1 og T, utvidast slik at dei kan innehalde køyretøy som i dag er registrerte som AM, eller ei av underklassene. At alle førarbevis med klasse AM annullerast, og at ein må arbeide med å gjere førarkort i klasse A1 og T meir tilgjengelege.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Faktaboks

Klasse AM (to-, tre, og firehjulsmopedar)

• Internasjonal førarkortklasse

• Tidlegare klasse M, mopedførarbevis, som var ein nasjonal klasse

• Fram til 2005 var det ikkje krav om eige førarprøve i klasse M.

• Har ei maksfart på 45 km/t

• 16 års aldersgrense

• Innheld tre underkategoriar:

– AM 145: Tohjulsmoped opp til 150 kg, utan batterivekt.

– AM 146: To-, tre- og firehjulsmoped opp til 150 kg, utan batterivekt.

– AM 147: Tre- eller firehjulsmoped opp til 150 kg, òg mopedbil. 18 åringar kan føre tyngre køyrety.

Kjelde: Statens Vegvesen