Vil ha attføring på anbod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidsministeren vil setje ut fleire tenester på anbod.

Bakgrunnen for utspelet er ein rapport som viser at berre éin av fem kjem seg i vanleg jobb etter å ha vore på tiltak i ei attføringsbedrift, skriv Adresseavisen.

LES OGSÅ: – NAV-brukarar er nakne i møte med staten

– For få kjem seg i arbeid, og vi får ikkje nok ut av alle milliardane vi brukar på arbeidsmarknadstiltak. Difor kan ikkje skjerma sektor lenger ha «monopol» på å levere alle løysingane som dei leverer i dag. Fleire aktørar må kunne delta, og eg vil difor at ein større del av tenestene skal setjast ut på anbod så fleire kan tilby innovative løysingar, seier arbeids- og sosialministeren.

LES OGSÅ: Ser svart på framtida

Eriksson trekkjer fram verksemder innan sosialt entreprenørskap, private tiltak og idealistiske stiftingar, som han meiner kan få sleppe til. Han vil leggje fram eit forslag om eit meir anbodsbasert system i år.

Bransjeforeininga Attføringsbedriftene – ein del av NHO Service – er svært skeptisk til forslaget.

– Vi har inga tru på å anbodsutsette sektoren. Det vil berre gje ei kommersialisert jakt på forteneste. Men ein må gjerne førehandsgodkjenne fleire aktørar, det finst gode argument for å sleppe til sosiale entreprenørar og idealistiske aktørar, seier direktør Johan Martin Leikvoll til Adresseavisen.

LES OGSÅ: Uføretrygd går i arv