Vil grave ned kjøpesentra
Landbruksdepartementet tar til orde for at nye kjøpesenter og parkeringsplassar vert bygde under bakken for å spare matjord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Grav ned kjøpesentra
Kjøpesenter under bakken skal sikre god utnytting av knappe areal og handel nær trafikknutepunkt opnar for mindre transport- og miljøbelastningar, skriv Nationen.
– Regjeringa arbeider med nye tiltak for å få redusert nedbygginga av matjord. Vi ønskjer ein meir restriktiv praksis. Skal vi få til det må vi vere kreative. Store kjøpesenter og handelshus har jo ikkje vindauge. Kvifor skal dei då leggjast oppå verdifull dyrka mark? spør statssekretær Harald Buttedahl (Sp) i Landbruks- og matdepartementet.
Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som vurderer tiltak for å styrkje jordvernet i arealplanlegginga. Mandatet til gruppa er hemmeleg, men forslaga dei kjem med vert lagt fram i januar.
– Det er for tidleg å seie kva dei kjem til å lande på, seier kommunikasjonsrådgivar Gård Nybro-Nielsen i Miljøverndepartementet.
Leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund seier utbygging under bakken kan vere bra.
– Dersom det er vilje til å byggje under bakken der det er godt kollektivtilbod, så er forslaget kjempebra. Å grave Ikea ned på same tomta i Vestby trur eg ikkje vil hjelpe så mykje, seier han.
Handelsbransjen er kritisk.
– Vi er imot eit eventuelt påbod om å byggje handelslokale under jorda. Kostnadene vil vere formidable, seier direktør for handel Thomas Angell i Virke. (©NPK)
Kva synest du om forslaget? Kunne du tenkt deg å handla i eit kjøpesenter med ei ku på taket? Bør alle framtidige kjøpesenter gravast ned?