Vi må snakke om Christian

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå for deg at du møter ein mann i ein profesjonell samanheng. Du kjenner ikkje han, han kjenner ikkje deg. Du er der berre for å gjera ein jobb, så du opptrer så profesjonelt du berre kan. Han seier det ikkje høgt, men han irriterer seg over deg, han bestemmer seg for å prøve å gjera deg så ukomfortabel som overhovudet mogleg, og han tenker at han må anstrenge seg for å ikkje dra deg ut av stolen din, banke deg opp og voldta deg.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Sjå for deg at det augeblikket du forlèt bygningen, tar han kontakt med sin personlege privatdetektiv for å få gjort ein bakgrunnssjekk på deg — kriminell bakgrunn, adresse, telefonnummer, kontobalanse, karakterutskrift og informasjon om familien din. Han klarer ikkje å slutte å tenkja på deg, så han oppsøker arbeidsplassen din — for dømets skuld ein arbeidsplass som ligg i ein annan delstat — og latar som om han tilfeldigvis var i nabolaget og berre skulle handle nokre ting. I røynda er målet hans å gjera deg så ukomfortabel som overhovudet mogleg.

LES OGSÅ: Denne annonsen vart for drøy for Facebook

Sjå for deg at du er ute på ein bar saman med eit par av dine næraste vener. Du har drukke meir enn du er vant til, og du er sint, fordi denne mannen, som du lét deg lokke til å gå på ein date med, først forsvann ut av livet ditt, for så å plutseleg ut av det blå sende ei gåve heim til deg — ei gåve som er verdt over hundre tusen kroner. Du er litt full, så du ringer han for å skjelle han ut etter noter. Reaksjonen hans? Han bruker ulovleg teknologi til å spore telefonen din for å finne ut kvar du er, og kjem til baren for å plukke deg opp. Du er på dette tidspunktet så full at du nesten ikkje kan stå på beina, og han veit sannsynlegvis at det han burde ha gjort her var å snakke med bestevenninna di, som du bur saman med, og hjelpe henne med å få deg heim. I staden for tar han deg med til hotellrommet sitt, der han medan du er medvitslaus kler av deg og legg deg i si eiga seng. 

LES OGSÅ: Blir Fifty shades meir sexy med lego?

Sjå for deg at du har falt for han (sånt kan skje den beste), og at han avslører at han ikkje er interessert i rein kjærleik, at det einaste forholdet han kan vera i er eit dominant/submissiv-forhold, at han får deg til å skrive under på ei tausheitserklæring som er så generell at du ikkje kan snakke om noko som helst som har med forholdet dykkar å gjera med din beste ven eingong, og at han ber deg om å skrive under på ein slavekontrakt som han diskret let vera å fortelja deg at ikkje er juridisk bindande. For dømets skuld, sjå for deg at du er jomfru og veit absolutt ingenting om sex på dette tidspunktet. Du er heller ikkje på nokon måte interessert i BDSM, men det er ikkje så viktig for han.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Sjå for deg at du på hans oppfordring leser deg opp på BDSM og finner ut at dette ikkje er noko du eigentleg er interessert i, så du sender han ein e-post der du seier at du ikkje er interessert. Reaksjonen hans? Ei halvtime seinare kjem han heim til deg og bryter seg inn i husværet ditt for å valdta deg. Sjå for deg at du er så glad i han at du på tross av dette framleis er interessert i å vera saman med han. Du byrjar å kome med løgner og unnskyldningar til venene dine for å forklare oppførselen hans. Du har framleis ikkje skrive under på kontrakten hans, og du kjem aldri til å gjera det, men han gjer det meir og meir tydeleg at ditt samtykke ikkje er viktig for han, at han vil bruke deg når han vil, slå deg når han vil, ha sex med deg når han vil. Av og til liker du det. Ofte ikkje, men du klarer ikkje å stoppe han.

LES OGSÅ: Frå Fifty Shades til Hamsun

Mot din vilje påfører han deg ekstrem smerte, han får deg til å gråte, han gjer deg livredd, og han slår deg. Midt i eit middagsselskap kan han dra deg ut av rommet for å valdta deg — for å straffe deg, til tross for at du ikkje veit kva liten irrasjonell detalj det er du blir straffa for. Han kan på spøk true deg med å binde og kneble deg, pakke deg i ei kasse og sende deg i bagasjerommet på eit fly, og du kan ikkje vite om han meiner det seriøst eller ikkje. Du seier fleire gonger at han skremmer deg. Han klarer å hjernevaske deg til å føle at dersom ein er forelska nok, må ein finne seg i å bli slått.

Når du seier at du ikkje vil ha sex med han, ber han deg slutte å tenkja så mykje og gir deg meir alkohol. Sjå for deg at han medvitent motarbeider din vilje og alt du ber han om. Du gjer det klart at du misliker å få dyre gåver. Han gir deg ein Audi. Du seier at du ikkje er interessert i å jobbe for han og ber han om å ikkje blande seg i karriera di. Han kjøper bedrifta du jobbar i for å gjera deg til sjef der. Du seier klart og tydeleg frå til han at du trenger ein pause for å tenkja over kva du eigentleg vil og reiser på besøk til mor di, på den andre sida av landet, over fire hundre mil unna. Han overraskar deg med å følgja etter deg og oppspore deg der. Og når du til slutt får nok, og slår opp med han, oversymjar han deg med gåver og telefonsamtalar til han klarer å tvinge seg inn i livet ditt igjen.

LES OGSÅ: Norske Tord omset «Fifty Shades of Grey» til kinesisk

Kan vi vera einige om at dette ikkje er akseptabel oppførsel? Eg seier «sjå for deg». Sanninga er diverre at ikkje alle trenger å strekke fantasien frykteleg langt for å sjå for seg ein slik situasjon, for sjølv om detaljane er som teke rett ut av dårleg fanfiction, er grunnplottet noko det er lett å kjenne seg igjen i for alle som lever med eller har levd med ein valdeleg, kontrollerande eller misbrukande partner eller ektefelle.

Sjå for deg at du har opplevd noko slikt, og at det plutseleg blir utgitt ein boktrilogi om ein slik mann, ein boktrilogi som blir rive ut av hyllene og toppar salslistene overalt til den har blitt dei mest leste bøkene i verda. Men sjangeren er ikkje psykologisk thriller, men erotisk romantikk, og den omtalte mannen er ikkje antagonisten, men den romantiske helten. Mange har forsvart bøkene med «det er ikkje valdtekt/partnervald, det er BDSM». Det stemmer ikkje. Hovudingrediensen i BDSM er gjensidig samtykke, og det eksisterer ikkje i desse bøkene. Folk må sjølvsagt få lov til å lese kva dei vil. Men når ein så psykopatisk karakter blir så idolisert som dette, er vi heilt nøydt til å snakke om det.

Teksta var først publisert i Dagbladet.