Veit du kven politikarane er?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Hallingdølen.

– Me vil motbevise at me er eit politisk b-lag.

Det var konklusjonen til dei fylkestingsaktuelle kvinnene frå Hallingdal, som torsdag møttest til debatt i Hallingdølens tv-studio.

Sjå debatten her

Dei tre står alle høgt oppe på partilistene, og er på veg inn på fylkestinget i neste periode. Sissel Hovland (Ap) og Iselin Haugo (H) har åtte og fire år bak seg i fylkespolitikken. Sissel Urke frå Venstre er ny, og står på andreplass på lista. Likevel er det få som veit kven dei er. Fylkespolitikarane er samde om ein ting; dei vil bli meir synlege. 

– Me treng ein arena å vise oss fram for veljarane på, me har ikkje mange av dei, meinte dei.

– Det er krevjande å vere synleg når ein er deltidspolitikar, men det skal me bruke den neste månaden på, lova Hovland etter debatten.

LES OGSÅ: Vil ha kvinner inn i kommunestyra

I vinden
Valdeltakinga var laber under fylkestingsvalet i 2011. For fire år sidan var Nes og Gol dårlegast i Buskerud, med 49 og 50 prosent. Dei tre er uroa over at veljarane ikkje engasjerer seg i fylkespolitikken.

– Eg skal nytte valkampen til å lytte til folk når eg er på husbesøk og stand. Me har to øyre og ein munn, det er viktig for meg, seier Iselin Haugo frå Høgre.

– Me har eit budsjett på over to milliardar. Det er skremmande at folk ikkje veit kven me er. 

– Fylkestinget har store oppgåver. Det er tidkrevjande, men ein viktig jobb, seier Urke.

Trass i tre ulike parti, er dei førebudde på å arbeide for hallingdalsinteresser i Buskerud.

– Me ynskjer å gjere ein god jobb for veljarane, og for heile Hallingdal. Me ynskjer eit godt samarbeid, seier Hovland.

QUIZ: Kor god er du i halling?

Veg og skule
Både Hovland, Haugo og Urke har utdanning som ei kampsak. Alle vil dei ta vare på dei vidaregåande skulane i Hallingdal, og sikre at tilbodet er godt.

Medan Hovland og Haugo var usamde om fritt skuleval, kjempar Urke og Venstre for etableringa av ein fagskule innan reiseliv.

Men viktig for dei er òg samferdsel, og arbeidet for ein Hardangerviddatunell.

– Hardangerviddatunnelen er kjempespennande, og eg er for sjølv. Buskerud Høgre vil jobbe for det, lova Iselin Haugo.

– Me er for Hardangerviddatunnelen. Samferdsel er viktig. Vegen har vore mykje stengt, og når det skjer triste ting som tunnelbrannen i Gudvangatunnelen ser me kor viktig den vegen er for Hallingdal og Nore og Uvdal, seier Hovland.

Krev mykje
Det var fyrste gong dei tre møttest til nett-tv-debatt. Trass litt nervar før sending, var dei nøgde i etterkant.


– Det er krevjande, men spennande. Det blir stilt større krav til oss og det er bra, meinte Haugo.