Ureint heilagt vatn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er austerrikske forskarar ved det Det medisinske universitet i Wien, som har testa 21 kjelder i Austerrike og 18 fontener i Wien, skriv ABC News.

LES OGSÅ: Størst katolsk vekst

E. coli og diaré
Forskingsleiar doktor Alexander Kirschner, åtvarar folk mot å leske seg med heilagt vatn, eller vigslevatn, då dei ikkje fann noko drikkande vatn under testane sine.

86 prosent av vatnet som vart granska innehaldt bakteriar som E. coli og bakteriar som kan leie til mellom anna diaré, synar forskinga som er publisert i Journal of Water and Health.

Nitratar, som ofte vert funne i gjødsel, vart funne i vatnet. Høge dosar av nitratar kan leie til alvorleg sjukdom, særleg hjå barn under seks månadar, som gjerne vert utsett for vatnet gjennom dåp.

LES OGSÅ: Frå Volda til Cannes på eitt år

Dispenser og salt
Jo fleire folk som nyttar kyrkja med det heilage vatnet, jo skitnare er det. I andre land i verda, der katolisismen er meir utbreidd enn i Noreg, kan ein mellom anna finne heilagt vatn i kapell på sjukehus, i tillegg til i kyrkjer.

– Dette kan vere eit problem som har vorte underdrive, spesielt på sjukehus, der det er mange folk med svekka immunforsvar, seier Kirschner.

Nokre tiltak er gjort for å gjere det heilage vatnet reinare og bruken meir hygienisk. Mellom desse tiltaka er dispenserar for heilagt vatn, funne opp av ein italiensk prest. I tillegg syner forsking at å tilsetje opp til 20 prosent salt kan verke desinfiserande.

Det vigslevatnet som den katolske kyrkja i Noreg nyttar er vanleg vatn, vigsla av ein prest. Det står vatn kyrkjegjengarane kan dyppe fingrane i, for så å signe seg med, krossen ved inngangen, men det er ikkje det same som vert nytta til dåp.

Nokre meinigheiter i Noreg har òg teke i bruk salt i vatnet, opplyser ein representant for den katolske kyrkja.