UFO over Voss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er dette ein UFO eller har det mystiske ljoset ein heilt naturleg forklaring. Sjå video av fenomenet her

Det var frilansfotograf, Terje Nesthus som fanga opp det mystiske ljoset som sakte seIg over himmelen då han skulle fotografera nordlyset over Voss.

– Det var medan eg laga nordlystimelaps at det mystiske ljoset dukka opp. Det er noko rart som eg ikkje kan forklare på den eine av timelapsane, skriv han i ein e-post til Hordaland.

Umogeleg å seia
Det var sist tysdag frilansfotograf Terje Nesthus, kjærasten og nokre vener laga timelapsen som skulle fanga nordlyset over nattehimmelen. I staden fanga dei eit merkeleg ljos. Dei vart ståande å sjå mot nord – nordaust i himmelretninga. Klokka var kring 20.40 på kvelden. Dei såg ikkje noko ting då, men då han neste dag hadde sett saman dei 250 bileta til videoen, og sat og såg på det att, oppdaga han den ljosande prikken på himmelen. Sidan Nesthus er over gjennomsnittet interessert i det som skjer på himmelen, kunne han snart slå fast at det ikkje var noko meteoritt.

LES ANDRE UTRULEGE SAKER HER!

– Meteorittane er som regel berre på eit eller to bilete, dette objektet er på alle 250 bileta og rører seg mykje seinare enn både meteorittar, fly og andre satellittar, fortel han før han legg til; – det kan heller ikkje vera ein standard satellitt eller ein geostasjonær satellitt som berre går rundt ekvator heller og ikkje er det eit fly, så vidt eg veit, seier han. Det einaste han er viss på er at det er noko uforklarleg.

Er usikker
Sivilingeniør og konsulet i Norsk Romsenter, Erik Tandberg, er usikker på kva dette ljoset kan vera for noko.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

– Eg har sett filmen oppatt og oppatt fleire gonger. Det kan sjå ut til at ljosstyrken forandrar seg, noko som peiker på at det kan vera eit trinn frå ein stor rakett som driv i rommet. Han er usikker på om ljosstyrken endrar seg eller om det er opptaket som gjer det. Det næraste å tru er at det kan vera ei forskarballong som har med seg forskarinstrument og som driv med vinden svært høgt oppe. Også dette er han usikker på om ljosstyrken er varierande. Men den stemmer ganske bra med farten, fortel Tandberg.

– Dette er ein UFO (uidentifisert flygande objekt), seier han men legg til at det ikkje er snakk om anna inteligens frå andre klodar i verdsrommet.

– Det vert feil å samanlikna uidentifisert besøk frå verdsrommet med UFO. Ordet UFO vel han å bruka når han, for høve, ikkje kan forklara ljosfenomenet.

LES SAKA I AVISA HORDLAND!