Trur folk treng å forstå og læra av krigen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trur folk treng å forstå krigen

– Eg visste at me hadde ein konsentrasjonsleir, men ikkje at det var så mange her, eller at dei blei så grovt behandla, seier Malin Aakre. Ho speler rolla som Anne Strømme i «De tause heltene», som har urpremiere ved Grinimuseet i Bærum på fredag, og har lese seg grundig opp på krigshistoria for å førebu seg til rolla.

– Eg har aldri vore i fangenskap, så eg har prøvd å lesa så mykje som mogleg for å få ei større forståing for det, seier Aakre, som fortel om ei utfordrande og spenningsfylt rolle:

Anne Strømme er tillitsvalt for kvinnene på Grini fangeleir, der ho blei ført av den tyske okkupasjonsmakta for å ha drive eit illegalt trykkeri saman med mannen. Han er også fengsla, men menna og kvinnene på Grini har kvar sine avdelingar og får ikkje ha nokon kontakt.

– Når eg ikkje kan tenkja på ungane og mannen min, så fokuserer eg på å passa på eg på alle dei andre som er rundt meg. Det er sånn eg overlever, seier Aakre på vegner av rollefiguren.

LES OGSÅ: Tvilligane som var brevduer for Heimefronten

Aukande interesse for krigen
Krigshistoria er i vinden. I fjor var serien «Kampen for tungtvannet» ein stor suksess på NRK, og i september har storfilmen «Kongens nei» premiere på kinoane. «De tause heltene», den nye satsinga til Bærumsspillene, opplever også godt førehandssal.

– Det har vore ei veldig oppblomstring av interessa dei siste åra, seier manusforfattar Axel Hellstenius. I tillegg til kjente filmar som «Elling» og «Døden på Oslo S»har han skrive fleire historiske stykke om krigen.

– Dei fem åra skil seg sånn ut frå alle andre år i vår historie. Plutseleg måtte folk forhalda seg til eit anna styresett. Dei fleste stelte jorda si og prøvde å få det til å gå rundt som vanleg, medan andre leid og måtte ta val som var ekstreme, seier han.

I «De tause heltene»handlar det om korleis dei ekstreme forholda pregar livet blant fangane på Grini, som var alt frå høgtståande motstandsfolk via nazi-kritiske lærarar og kunstnarar til ungdomar som blei tatt som gissel for foreldra. Nokon av fangane i stykket, som er basert på sanne historiar, blir følgt til minutta før dei blir avretta av tyskarane. Men å syna fram det sterke samhaldet og venskapa som blei knytte på Grini er like viktig, fortel Hellstenius.

LES OGSÅ: Den ukjente sabotøren

«Det har vi», ei galgenhumoristisk revyvise Otto Nielsen skreiv medan han sat som fange på Grini er med i stykket. Her øver skodespelarane til songnummeret.

– Ekstremisme er og blir farleg
– Det stykket handlar om, er korleis menneske i ein slik situasjon, stilt overfor openbar vondskap, utviklar evne til overleving og gjensidig respekt i møte med ein felles fiende, seier regissør Bjørn Birch, som meiner historia er viktig å fortelje – ikkje minst i lys av vår eiga tids uro.

– Ekstremisme, enten det religiøst eller politisk, er og blir farleg. Det å belyse kvifor det er farleg, korleis det tuklar med hovudet til folk, er veldig aktuelt no, seier Birch.

– Publikum kan sjølve trekkje parallellar. Dei veit at ABB har sete der inne, legg han til, og peikar mot det som var hovudbygget i Grini fangeleir, som no er Ila fengsel og forvaringsanstalt. Anders Behring Breivik sat i forvaring på Ila til 2013, då han blei flytta til Skien fengsel.

Regissøren meiner interessa for krigshistoria i våre dagar heng saman med ekstremismen me ser rundt i verda.

– Du ser det ulmar rundt oss. Fenomenet krig har byrja koma nærare igjen, og då søkjer me i historia for å forsøke å forstå kva det betyr og kva det gjer med oss. Me grip til det næraste me har, og det er vår eiga krigshistorie, seier han.

LES OGSÅ: Oslo-ungdommar meiner Vesten er i krig med islam

«Me er ikkje heltar»
Birch og Hellstenius fortel at dei er særleg opptekne av å fortelje kvinnene si historie, noko som i liten grad har blitt gjort før. Malin Aakre, som speler ei av dei sentrale kvinnerollene, har sjølv late seg fascinere av dei «tause heltane» frå Grini. Ho fortel engasjert om korleis kvinnene utvikla eit «fingerspråk» for å kommunisere med mennene ute i luftegarden frå vindauga.

– Eg var her på markeringa på frigjeringsdagen 8. mai, og møtte nokon av dei som sat på Grini som sa at «Me er ikkje heltar. Me gjorde berre det me måtte», seier Aakre.

Aakre er ein av sju profesjonelle skodespelarar som speler saman med lokale amatørar i «De tause heltene». Til liks med regissøren meiner ho det er lett å trekkja liner mellom krigshistoria og vår eiga tids hendingar.

– Kanskje folk treng å forstå og læra, så ikkje det same skjer igjen, seier ho.

LES OGSÅ: – Folk har kjensla av å vera passive offer av historia

Det gamle hovudbygget til Grini fangeleir i Bærum husar i dag Ila fengsel og forvaringsanstalt.

Faktaboks

Grini fangeleir

Planlagt og bygt som kvinnefengsel i 1939, på Ila i Bærum
Brukt som tysk fangeleir under okkupasjonen 1940-1945
Einar Gerhardsen, Trygve Bratteli, Arnulf Øverland og Johan Borgen er blant dei mest kjente som sat fengsla på Grini
Brukt som  blei seinare gjort om Ila fengsel og forvaringsanstalt

«De tause heltene»

Utandørsspel av Bærumsspillene
Manus: Axel Hellstenius
Regi: Bjørn Birch
Musikalsk leiar: Kari Stokke
Urpremiere ved Grinimuseet 19. august