Suksess med gammal sauebonde

Ein liten roman om ein gammal, islandsk sauebonde vart bestseljar, teaterstykke og film.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Suksess med gamal sauebonde

 

Bak suksessen står islandske Bergsveinn Birgisson (41). For den vesle romanen Svar på brev frå Helga vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris 2011.

På Island vart romanen ein stor suksess. Han vart straks seld i 10.000 eksemplar, og det er svært mykje i det vesle landet.

Men ikkje nok med det: Bergsveinn Birgisson fekk bokhandlarprisen på Island. Det vart laga eit skodespel, som har gått for fulle hus like sidan i vår, og som framleis går på teatret i Reykjavík.

Og no skal det lagast film av boka. Forfattaren sjølv har skrive manuset saman med ein annan, og både islandske og utanlandske filmskaparar har vist interesse for å laga film av det, men førebels er det uklart kven som skal få filmen i hamn.

Dessutan er den vesle boka seld til fleire land, og i danske aviser fekk ho svært positiv omtale.

– Eg var redd for at kritikarane ville seia at dette er ei bok som handlar om gammal islandsk bondekultur, men det er det ikkje. Ho brukar gammal islandsk bondekultur, men handlar om viktige, eksistensielle spørsmål, strekar Birgisson under.

Ein sauebonde
I boka handlar det om den tilårskomne sauebonden som skriv brev til elskarinna som ein gong bad han flytta med henne inn til byen. Men han hadde ei sjuk kone, som han forplikta seg til.

– Han er ein stolt og intelligent fyr. I romanen har eg skildra hjelpeløysa hans, det nakne mennesket, det irrasjonelle mennesket som strevar med å få meining i livet. Men somme har sett annleis på sauebonden. Spesielt unge kvinner i tjueåra har utfordra meg. «Kvifor skreiv du om ein slik dritsekk», har dei spurt. Eldre kvinner derimot sympatiserer med han.

LES OGSÅ: Islandske lærepengar

– Kvifor synest dei unge at sauebonden er ein dritsekk?
– Det har eg også fundert over. Eg trur at dei tykkjer det er dårleg gjort at han ikkje gjer som hjarta seier. Kanskje er dei romantiske, og kanskje trur dei på den einaste rette. Men då kan ein minna om at før var det andre som avgjorde kven ein skulle gifta seg med.

Mellomalder
Sidan midten av 90-åra har Bergsveinn Birgisson vore busett her i landet og bur no på Laksevåg i Bergen.

Tidlegare heldt han hus i Reykjavík. I barndomen budde han saman med besteforeldra i Vestfjorden nordvest på Island om somrane og i Reykjavík om vintrane.

– Eg sette stor pris på å få vera der oppe i Vestfjorden, og det var ein svært god skule. Der fekk eg sjå inn i ein mellomalderkultur – ein landnåmskultur rett og slett. Eg fekk sett to verder, og det var svært viktig. Hadde eg berre sett den eine, hadde eg ikkje fått dette spennet i meg, seier han.

Bak i boka takkar han fleire sogeforteljarar, og der finn ein også namnet til bestefaren.

– Den einaste store filosofen Island har hatt gjennom tidene, Þorsteinn Gylfasson, hevda at ein må tenkja som fiskar og bonde om ein skal tenkja islandsk. Røynsla og historia vår ligg i språket og i anekdotane som lever vidare. I romanen har eg brukt fleire anekdotar, og eg har freista å gjera meg nytte av den munnlege forteljarkunsten ute på bygdene. Som ung møtte eg mange bønder og fiskarar, og då eg var i tjueåra, intervjua eg både gamle kvinner og gamle karar, og dette materialet samla eg på. No har eg freista å nytta det i skrivinga, men eg ser meir på det som ei leire, som eg kan ta meg fridomar til å forma og setja inn i ein større samanheng.

– Kvifor byrja du å intervjua gamle folk?
– Eg har heile tida kjent meg malplassert i tida; eg skulle vore fødd i mellomalderen. Eg brukar å seia at det ideelle for meg hadde vore steinaldereksistens med moderne sjukehus. Eg er kulturpessimist; eg ser ikkje den store utviklinga i noko som helst, seier islendingen lågt, før han legg til:

– Dette seier eg halvt i alvor og halvt i spøk, men eg sansa svært tidleg at kulturen til besteforeldregenerasjonen var på veg ut. Eg opplevde ei slags dekadensekjensle då eg var saman med dei eldre, for ingen ville føra kunnskapen deira vidare. Tidleg skjøna eg at den gamle kulturen ikkje ville leva evig, og det var kanskje det som fekk meg til å driva med innsamling. Eg skammar meg ikkje for å koma frå denne kulturen eller for å bruka han. Denne romanen er kanskje heller min måte å gje uttrykk for at eg er glad i den gamle kulturen. Boka mi er ikkje noko dokumentarprosjekt, men heller eit teikn på at eg vil visa respekt ved å bruka denne kulturen som ei ramme for ei forteljing som er både eviggyldig og eksistensiell og som passar like godt i dag som på 1900-talet.

LES OGSÅ: Eit lite stykke Island

Pengekulturen
Birgisson omtalar boka som eit motsvar til det som skjedde seint på 90-talet og i byrjinga på 2000-talet.

– Eg gjorde boka ferdig i 2007, men eg kom ikkje på å gje henne ut på den tida.

– Kvifor ikkje?

– Av di ho berre hadde vorte gjord til lått. Den gongen var me ferdige med bonde- og bygdelivet og den «primitiviteten» som høyrde med. Me hadde kome eit hakk vidare; me hadde faktisk vorte eit sivilisert folk med pengar og glans.

Men så vart verda råka av finanskrisa, og Island fekk merka krisa ekstra hardt.

– I 2010 hadde mykje skjedd. Pengekulturen på Island la alt audt og etterlét seg ingenting, bortsett frå tomme bygningar. Mykje av det som skjedde, var brot med gammal islandsk historie, og bønder og fiskarar, dei einaste som produserer noko av verdi, sat att med den lågaste inntekta. Det var underleg. Pengekulturen skapte ingenting, men etter at han kollapsa, trur eg at den vanlege islendingen sette seg ned og spurde: Jammen, hadde me ikkje ein annan kultur?

Og så merka ein at folk byrja å gjera noko med hendene, dei strikka og sauma, ein tradisjon som mest hadde forsvunne. Me fekk jazzmusikarar som laga plater om den islandske sauen, og ein musikar byrja å spela favorittsongane til besteforeldra. Det utvikla seg eit driv tilbake til noko gammalt og autentisk, og oppi dette kom utgjevinga av denne romanen om den gamle sauebonden.

LES SISTE BOKNYTT HER!

– Eg trur skrivinga av Svar på brev frå Helga var eit taust opprør. Sjølv om eg er akademikar, har eg stor respekt for intuisjon og kjensler, og eg hadde byrja å sansa ei skummel utvikling på Island. Folk vende ryggen til det gamle, fattige og nedverdigande livet. Det var nærast med avsky dei såg tilbake, og det var svært farleg. Retorikken vart deretter. Ein kunne snakka om uhemma laissez faire, men byrja nokon å snakka om åndelege og kulturelle verdiar, vart dei straks stempla som tilbake til saueskinnskorne – til jordhola. Eg kallar dette for saueskinnssko­retorikken, og han vart brukt om alt gammalt og som var verdt å hegna om. Eg trur at denne vesle romanen eigentleg er eit opprør mot den utviklinga me hadde på Island på den tida eg skreiv boka, seier Bergsveinn Birgisson.

Johannes Gjerdåker har sett om romanen til nynorsk, og han har nytta fleire ord som ikkje alle skjønar, men den islandske forfattaren er ikkje i tvil:

– Dette er den omsetjinga eg er mest glad i!

LES SAKA I DAG OG TID!