Spelte seg til 13 festivaljobbar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hear Me Roar imponerte stort. ​Dei leverte ein oppriktig, intens og vakker​ konsert på 100 Dagar​.​ No får endå fleire sjansen til å oppleva den unike stemma og dei kjenslevarme songane, seier Haakon Vatle, leiar for ​musikkbransjetreffet 100 ​Dagar som gjekk av stabelen på Stord i helga.

På​ to dagar ​spelte 20 band ​på to scener og fekk visa seg fram for ​eit stort​ publikum og nærare 20 festivalsjefar frå Vestlandet​, samt​ Skralfestival og By​:​larm​.​

Hear Me Roar er no kåra til årets ​Vestlandssatsing ​og får 13 honorerte festivaljobbar for sommaren 2016​.​ (Sjå faktaboks!)

Det unike festivalsamarbeidet på Vestlandet starta for fire år sidan. Festivalane i fellesskap ​er med og g​ir speletid og byggjer CV for lovande talent. Aldri før har så mange festivalar vore med på satsinga, går det fram av ei pressemelding frå 100 Dagar.

LES OGSÅ: Manglar eigen festivalpolitikk

– Magisk
– Det er utruleg kjekt. Me skamgler oss som ungar, seier bassist Torje Fanebust Ås i Hear Me Roar om å få spela på 13 festivalar i år.

Bandet skriv og syng tidl​ause melodiar om slitesterke tema. ​Songane inneheld ​lengsel​ og ​sakn, men ​òg​ ​varme og håp. Totalt har dei gjeve ut tre EPar.

Roar Kopperstad er vokalist i bandet, som tok form kring 2012. Ådne Sæverud, Erlend Aasland, Anita Bekkeheien og Jørgen Helliesen er òg med.

Ifølgje Torje Fanebust Ås byrja histori​a​ deira med e​i​n sliten punkrock​a​r som ​gjekk​ lei av ​høglytt ​stemmebruk, om e​i​n ærleg låtskriv​a​r som sat i mørket og brukte s​o​ngane ​som ​kart for å finne ve​g​en ut​ tilbake til lyset​. Etter å ha ​først ​levd eit​ stillferdig tilvere​ ​for seg sjølv,​ ​trefte dei​​ vakre s​o​ng​a​ne eit bergtatt ​publikum.

Bandet synest det var ekstremt triveleg å spela på 100 Dagar.

– Me føler me vann ved å berre spela der. Me fekk eit lite magisk augneblink. Publikum var heilt stille og berre lytta, fortel Torje Fanebust Ås til Framtida.no.

Han håpar at festivaljobbane skal gi endå fleire spelejobbar.

– Det er jo litt sånn venners venner. Det er eit kjempegodt utgangspunkt, seier han og ser mellom anna fram til å få spela for det store musikkmiljøet i Bergen.

LES OGSÅ: Åtvarar mot veksesmerter i festival-Noreg

 

Når det er tromme- og basspause, lages det multimedia. Ekte sysselsetting i oljekrisa. Siste øving før tur til Stord. Litt up-tempo kommer òg, men kameramannen var opptatt med å basse på de lave frekvensene.

Posted by Hear Me Roar on 3. februar 2016

Faktaboks

Om 100 Dagar (Vestlandets By​:​larm)

Musikkbransjetreffet 100 Dagar blir arrangert på Leirvik, Stord, av festival- og konsertarrangøren Stordfest. 100 Dagar blei arrangert for åttande gong i 2016 og er ein møteplass for festivalbransjen på Vestlandet. ​Treffet​ samlar kvart år mellom 16-20 festivalleiarar frå ​v​estlandsregionen. 100 Dagar er også ein showcasearena som gir muligheit for inntil 20 band å vise seg fram for festivalleiarane og anna publikum.

VESTLANDSSATSINGA
Vestlandssatsinga fungerer som ein unik plattform for unge, lovande band som ynskjer å ha ein profesjonell karriere som musikarar
Tidlegare vinnarar av vestlandssatsinga er YUMA SUN i 2013, TIEBREAKER i 2014 og SILJA SOL i 2015.


Her er festivalane som Hear Me Roar har fått oppdrag på gjennom Vestlandssatsinga:

Skånevik Bluesfestival (Skånevik​)
Tysnesfest (Tysnes)
Skralfestival (Grimstad)
B​ergenfest (Bergen)
Vikedal Rootsfestival (Vikedal)
Mablisfestivalen (Stavanger)
Festspillene i Bergen (Bergen)
Festidalen (Uskedalen)
Bygdalarm (Øystese)
Utkantfestivalen (Skjerjehamn)
Hansadagene (Bergen)
Osfest (Os)
Musikkfest Stavanger (Stavanger)
 

Musikken:
Spotify: https://open.spotify.com/album/2Kr9JOyfaCqX3Hj0XsV4pd