Søskenfilm er for populær

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søskena er for populære

Årsaka til bråstoppen for dokumentarfilmen om gardslivet til søskenparet Magnar og Oddny Kleiva frå Naustdal i Sogn og Fjordane, er ei særnorsk og midlertidig «oppsettingsstøtte», skriv VG.

LES OGSÅ: Fekk pris på filmfestival

Digitale Noreg
Noreg var det første landet i verda som digitaliserte alle kinoane i 2010. Då blei det mykje billigare å lage og distribuere filmkopiar. Det førte til at langt fleire små og mellomstore norske kinoar fekk vise dei største og mest attraktive filmane.

Ein konsekvens av dette var at det blei mindre rom for dei smalare filmane. Ordninga med oppsettingsstøtte blei derfor laga. Distribusjonsselskapa får 2000 kroner i støtte pr. kinosal inntil 90 salar, dersom filmane blir vist fire gonger eller meir. «Søsken til evig tid» er no i ferd med å nå dette taket.

Risikerer tap
– Filmen går no i 89 salar rundt om i landet. Blir han sett opp i ein til kinosal, fell støtta vekk. For vår del betyr det at vi mistar 70.000,- kroner i oppsettingsstøtte. Eg beklagar at det skjer, og eg reknar med at intensjonen med støtta ikkje var å ramme ein film som denne, men heller skape rom ved sida av dei store kommersielle filmane «alle» vil sjå. Men vi må stoppe, vi har rett og slett ikkje råd til å gjere noko anna, seier Tor Fosse i distribusjonsselskapet Tour de Force til VG.