Slik vil dei engasjera unge i kommunereforma
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil engasjera unge i kommunane
Saka var først publisert i Møre-Nytt.
I eit vedtak i ungdomsrådet står det at dei vil lyse ut ein konkurranse på ungdomstrinnet i Voldaskulen og på Volda vidaregåande skule. Elevane skal sjå filmen «Kommunereform på eit minutt» som er laga av Fylkesmannen, for så å melde meininga si om kommunereforma i Ørsta og Volda på Facebook-sida til ungdomsrådet. Meldinga skal vere i form av ein tekst, eit rim, ein film, quiz, plakat osv.
Gulrota er tre solide premiar til vinnarane, kvar på 10.000 kroner, som skal verte nytta til sosiale tiltak i klassa. To premiar til ungdomstrinnet og ein premie til den vidaregåande skulen.
DEBATT: «Få ungdommen med i kommunereforma»
Ope møte
Ungdomsrådet vil også arrangere eit ope møte om kommunereforma retta mot ungdom. Dette skal vere i samarbeid med varaordførar og andre interesserte politikarar i Volda. Målgruppa er ungdom, og ungdomsrådet vil også invitere ungdom frå Ørsta til å vere med.
– Saka har vore oppe til diskusjon på fleire møte. Ungdomsrådet føler stort ansvar med oppgåva dei no har fått, og meiner dei har kome fram til eit godt opplegg, står det i saka. Bakgrunnen for engasjementet er at 16-åringane i Ørsta og Volda får røysterett under folkerøystinga 19. mai. Det er difor eit stort ønske om å engasjere flest mogleg unge til å seie meininga si denne dagen.
LES OGSÅ: – Enklare å bli høyrt i små kommunar
Kva synest du om videoen Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga for å engasjera ungdommen?