Rå muskelkraft

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter mange tunge tak i den nasjonale meisterskapen i utstyrsfritt, som vart halde på Bjølsen i Oslo, stod 18-åringen frå Årdal igjen som vinnar i sin klasse.

– Eg følte eg trefte godt på dagsforma, men eg veit eg kunne ha løfta endå tyngre. Difor er eg berre passe nøgd med prestasjonen min, seier Araneda, som konkurrerte i juniorklassen ÷84.

LES OGSÅ: Sterke jenter i skotet

Løfta 310 kg
– Er du småskuffa trass gull?

– Ja, eg føler ikkje at eg må konkurrera mot andre og at eg må vinna gull for å bli nøgd. Eg konkurrerer mot meg sjølv for å bli endå betre og eg har gjort betre løft tidlegare enn kva eg klarde her, forklarar Araneda, som løfta totalt 310 kilo fordelt på tre øvingar.

– Rekorden min er på 322,5 kilo, så eg hadde litt å gå på.

Sliten
Araneda var einaste utøvar frå IL Jotun som var i elden denne helga. Ho fekk godkjende løft med 120 kilo i knebøy, 60 i benkpress og 130 i markløft.

– Eg bomma på dei to første forsøka mine i knebøy. Planen var å prøva slå eigen rekord på det tredje løftet om eg hadde fått godkjend dei to første, men slik gjekk det ikkje. Difor måtte eg sikra inn eit godkjent løft på siste forsøk. I benkpress gjekk alt etter planen, men i markløft fekk eg litt problem. Eg klarde 130, og prøvde meg på 137,5. Då fekk eg knapt til å løfta stonga frå bakken og byrja slite tidleg i løftet. Det var litt skuffande for eg har klart 142,5 kilo på klubbstemne før. Eg trur nok det var ein kombinasjon av at eg var sliten og at eg ikkje hadde meir å gje denne dagen. Og så må eg øva meir på teknikken min.

LES OGSÅ: CP-ramma Frode siktar mot NM-gull

Russetid
I slutten av mai står NM på programmet, men Araneda er usikker på om ho vil delta her.

– Det er noko eg har lyst til, men det passar dårleg ettersom det er like etter russetida og midt i eksamensperioden. Skal eg delta må eg ha ei god opplading og det spørst om eg får til det i denne perioden. Dessutan er dette eit meisterskap med utstyr så eg har ikkje ein sjanse til å hevda meg uansett. Men kanskje det går ein liten faen i meg og at eg melder meg på. Me får sjå, seier ho.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo

– Kulare utan
I treningslokale i Årdalshallen heime har lagkameratane i IL Jotun lenge pusha Araneda til å byrja med utstyr, slik at ho også kan hevda seg i andre store konkurransar.

– Eg har heile tida løfta utan fordi eg tykkjer det er kulare, men det viser seg at dei som brukar utstyr kan auka totalen med 100 kilo til dømes, så det er klart ein fordel, men eg likar det ikkje.

Saka var først publisert i Sogn Avis.