Professor: – Laksesjukdom ute av kontroll

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Laksesjukdom ute av kontroll

– Det er ingen tvil om at PD er fullstendig ute av kontroll. Viruset blir spreidd alle vegar og vi har utbrot frå Finnmark til Hordaland. Det er uforståeleg at det ikkje blir innført eit regelverk som kan avgrense spreiinga ved å krevje at smolten blir produsert lokalt, seier Nylund til Dagens Næringsliv. Nylund er professor ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen.

Ifølgje avisa vart det i 2012 registrert ein dyster rekord med 132 utbrot av laksesjukdommen i oppdrettsanlegg langs norskekysten. Sjukdommen kan føre til stor dødelegheit i anlegga.

LES OGSÅ: Spår eksplosiv oppdrettsvekst

– Vi må finne smittevegane og bryte dei. Det inneber blant anna langt strengare avgrensingar i tilgangen til å flytte fisk. Det burde vere strengt forbode å flytte fisk eksempelvis frå Vestlandet til Finnmark. Eller for den saks skuld frå Skottland til Trøndelag, seier Nylund. Han er også redd for at sjuk oppdrettslaks skal smitte villaks.

Direktør Kristina Landsverk i Mattilsynet meiner det ikkje er rett å omtale situasjonen som ute av kontroll.

– Men at vi har utfordringar, er det ingen tvil om. Vi kan vel også vere einige med Nylund i at regional smoltproduksjon hadde vore optimalt og bør bli ein regel, seier ho. (©NPK)