– Poesi er jo verkelegheitslitteratur

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ruth Lillegraven er nominert til den gjeve Brageprisen for den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er, som kom ut på Det norske samlaget i haust.

– Tittelen speler på at ein er så mykje forskjellig, eller har mange ulike kjensler og identitetar, gjerne på éin gong – og det er greitt. I den grad det finst ein slags kjernebodskap her, så er det dét, sa forfattaren frå Granvin til dei rundt 80 tilhøyrarane på Falturiltu-seminaret som blei arrangert på Høgskulen Stord/Haugesund på torsdag.

Lillegraven fortalde at ho lenge hadde vegra seg for å skriva dikt for born, men at det gjekk overraskande lett når ho først sette i gong og fann rett «augehøgde».

– Eg prøvde å spola tilbake til meg sjølv som 12-åring, og fann ut at det ikkje er så stor skilnad frå meg som 38-åring.

Les også: Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen

Verkelegheitslitteratur
På oppmoding frå Kaldestad las ho også fleire dikt frå boka – mellom anna diktet «Vaksne», der den unge jenta som er eg-personen i boka undrar seg over kvifor mamma og pappa får la oppvaksen stå og eta chips og sjokolade når ho har lagt seg. Kanskje vaksne berre er store born som får lov til å bestemma sjølve, er konklusjonen.

– Eg lurer jo på det der sjølv, men så har eg juksa litt og lagt det i munnen på ein 12-åring. Men når eg les det for ungar, så nikkar dei på slutten, seier Lillegraven, og legg til at diktet ikkje er like populært på heimebane:

– Mannen min har protestert, og meiner at dette er verkelegheitslitteratur.

– Poesi er jo verkelegheitslitteratur. Det er det dikt og prosa har til felles, dei peikar på verkelegheita og viser ho fram på ein viss måte, supplerer Per Olav Kaldestad, som sjølv har gitt ut både ei rekkje bøker med dikt for barn og ei lærebok om arbeid med dikt i skulen.

Han meiner at dei beste dikta ofte kjem ut av erfaringar som er felles for barn og vaksne, og at viss ein både gir ungane noko dei kjenner seg att i og noko uventa, ei språkleg a-ha-oppleving, så treff ein.

– Det finst eit rom som er felles for barnet og diktaren, og det er at ein prøver seg fram i språket. Born prøver ut grensene for kva som er lov å seia eller ikkje, og diktaren prøver medvite å utvida grensene for kva som kan seiast med språket, seier Kaldestad.

Les også om plata Når morgonfrosken syng med tekstar av Per Olav Kaldestad

Misunneleg på Belsvik
Falturiltu blir i år arrangert for tiande gong. Falturiltu-seminaret, som blir arrangert i samarbeid med Høgskulen Stord/Haugesund, har vore eit fast innslag på festivalen kvart år sidan 2008.

Rundt 80 menneske fekk med seg årets seminar: Mange lærarstudentar frå høgskulen, men også lærarar, bibliotekarar og andre med interesse for litteraturformidling for barn. I tillegg til Lillegraven og Kaldestad, fekk dei mellom anna høyra årets festivalforfattar, Bjørn Sortland frå Bømlo, som fortalde om sitt eige forfattarskap.

Sortland snakka om kvifor det er viktig å lesa, og kritiserte oppfatninga om det er viktig å lesa for å bli flinkare til å lesa og skriva – og at lesinga skal målast, til dømes i lesefart:

– Det er viktig å lesa fordi det er viktig å få leseopplevingar, sa han, og røpa også si misunning for ein annan barnebokforfattar frå Sunnhordland.

– Den boktittelen eg er mest misunneleg på er Alle dei fine jentene av Rune Belsvik. For det er alle dei fine jentene som har inspirert bøkene mine, fortalde Bjørn Sortland, og nemnde alle kvinnene i livet sitt frå bestemødrer og kone til dei kvinnelege redaktørane han har hatt.

Les også om Stord-ungdomen sin Bjørn Sortland-hyllest: – Oooh, Bjørn Sortland, me elskar deg

Sortland og andre festivalforfattarar skriv om Falturiltu i høve tiårsjubileet: Drivne av eigne lesegleder