Pels eller folk?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore mykje debatt om pelsdyrnæringa i det siste og fleire kjendisar har som vanlig kasta seg inn i kampen for dei stakkars dyra i bur og det er typisk kjendisar å engasjere seg i slike saker og dei har då også fått kritikk for at dei engasjerer seg mot pelsdyrnæringa når det finst kvinner som dør i bommullsproduksjonen.

Og no er det sikkert nokon som vil henge seg opp i at det manglar ein del komma i den setninga eg nettopp skreiv. Kanskje burde det ikkje vore ei setning i det heile tatt. Kanskje burde det vore fleire. Dessutan har eg sannsynligvis stava bommul feil.

For sånn er det alltid. Det er alltid nokon som skal henge seg opp i bagatellar som rettskriving og teiknsetting. Til desse har eg berre ein ting å seie: Eit komma eller tre er då ein merkelig ting å engasjere seg i når det finst krig i verden. Men dersom det er greitt for dykk at folk blir skotne i filler, så må de gjerne halde fram med å kritisere grammatikken min. Eller gramatikken, dersom det er sånn ordet skal stavast.

For det finst faktisk kirg i verden. Og eg veit det står kirg i den forrige setninga, sjølv om det var meininga å skrive krig. Eg veit det. Det er ein trykkfeil. Unnskyld meg for at eg ikkje bruker tid til å rette opp att ein skarve trykkfeil, men heller bruker tida mi på å skrive engasjert mot kirg og urett i vreden.

Og til dei som kritiserer kjendisar for å engasjere seg for mink når det finst kvinner som dør i bommulsproduksjonen: Javel, så det er greitt at kvinner dør utanfor bommulsproduksjonen? Det finst kvinner som har det endå verre enn dei som produserer bommul. Det finst kvinner som produserer ting som er endå vanskeligare å stave enn bomull. Det finst kvinner som ikkje produserer nokon ting. Det finst faktisk folk som blir torturert og drept utan grunn. Men det er liksom heilt i orden, så lenge dei ikkje lager bomul?

Og kvifor angripe akkurat dei som engasjerer seg i pelsdebatten, når det finst debattar som er endå mindre vesentlige? Kvifor ikkje heller gå laus på alle som diskuterer om NRK bør sende tv-program om sex for ungdom? For det er då verkelig ein underlig ting å vere opptatt av når det finst folk som blir torturert og drept i verden? Og mink. I det heile tatt, kvar er dei som kritiserer pelskritikarane resten av tida? Kvifor kritiserer dei ikkje bagatelldebattar som teppe- og smykkedebatten? Eller det nye huset til Magnhild Meltveit Kleppa? Det finst både dyr og folk som blir plaga og drept heilt unødvendig i verden, og vi er opptatte av at nokon har søkt om å få bygge eit hus?

I det heile tatt, til alle som engasjerer seg: Kvifor engasjerer du deg ikkje i noko heilt anna i staden? Og kvifor engasjerer du deg ikkje i alt? Kvifor engasjerer du deg berre i litt? Det er mykje det går an å engasjere seg i, som sikkert er mykje meir alvorlig enn det du engasjerer deg i. Er det ikkje så farlig det då? Skal resten av verden berre få seile sin eigen sjø?

Spørsmålet om kvifor folk som engasjerer seg i noko ikkje engasjerer seg i alt når det er såpass mykje vondt i verden, engasjerer meg så sterkt at eg lurer på om det er feil av meg å engasjere meg i det når det finst så mykje anna å engasjere seg i som er mykje verre.

Så derfor lar eg det heller vere. Så blir det i alle fall ein viss konsekvens i ting. Og neste gong blir det heller ingen kommafeil.

 

Denne kommentaren stod først på trykk i Dagsavisen 13. november.