Over 200.000 har sett Vaffelhjarte

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmserien over Maria Parr si barnebok Vaffelhjarte har blitt sett av over 200.000 både på tv og nett. I aldersgruppa 2 til 11 år var det 90000 som såg premieren på tv. Det utgjer ein marknadsdel på 62,3 prosent. For dei over 12 år var det 101.000 som såg premieren sist fredag. Det utgjer ein marknadsdel på 13 prosent, opplyser NRK til Framtida.no.

På nett-tv har over 28.000 sett første episode. 17.000 har sett andre episode på førehand.

Gode tilbakemeldingar
TV-serien får også svært gode kritikkar. Vårt Land skriv at den tidlegare så populære svenske barneserien "Vi på Saltkråkan" er flytta til Vestlandet.

– Det vibrerer så pass at øyekroken blir våt opptil flere ganger. NRKs dramatisering av Parr si bok balanserer godt i skjæringspunktet mellom livets letthet og livets alvor", skriv journalist Øyvind Woie.

Vaffelhjarte går på NRK Super klokka 18.10 på fredagane framover. Serien kjem også som reprise i jula.

Sjå musikkvideo frå Vaffelhjarte her:

Faktaboks

Serien er basert på boka til Maria Parr. Handlinga foregår i Knert-Mathilde, som er ei lita bygd på Sunnmøre. I bygda bur dei to gode naboane Trille og Lena. Trille ynskjer sterkt at Lena skal vere den beste venen hans. Lena meiner det får holde at dei har eit godt naboskap, for ho skal jo kanskje flytte og bestevener må vel bu på same stad…?

Gå til NRK Super sine Vaffelhjarte-sider!

Les meir om Maria Parr i Allkunne!