Ny status for Besseggløpet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Fjuken

– Dette kan bli redninga for Besseggløpet, seier Tor Erik Moen.

Han kan takke svenske Emelie Forsberg for at Besseggløpet får ny status som «SkyTrail».

I 2011 stilte ho til start i Besseggløpet. Emelie Forsberg sprang feil og hamna langt nede på resultatlista. Ho var allereie da på veg til å bli ein av Europas og verdas beste når det galdt fjelløping, og har sidan vunne både EM og VM i «skyrunning».

LES OGSÅ: Dei gamle fjell

Emelie Forsberg har ikkje gløymt møtet med Besseggen og Jotunheimen. I vår tok ho kontakt med Tor Erik Moen der ho ynskte at Besseggløpet skulle inngå i Nordic Skyrunner sin nasjonale serie i kategorien «SkyTrail».

Besseggløpet blir eitt av to løp i Norge; det andre er i Tromsø. I tillegg er det eitt løp i Sverige og eitt i Finland som inngår i denne serien.

– Artig at verdas beste løpar tok kontakt med oss, seier Tor Erik Moen. Årets løp går av stabelen laurdag 27. juni. Og kanskje står Emelie Forsberg på startstreken.

LES OGSÅ: Byen mellom to fjell – og fem haugar