Norske TV-sjåarar skal hjerneskannast

Vil testa korleis norske tv-sjåarar reagerer på reklame.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skannar hjernen til tv-sjåarar

Analyseinstituttet TNS Gallup har investert hundretusenar av kroner på utstyr som skal registrere hjerneaktiviteten til norske TV-sjåarar. Målet er å finne ut korleis forbrukarane reagerer på TV-reklame.

– Vi vil måle den rasjonelle og den ikkje-rasjonelle delen av forbrukarane. Spørjeundersøkingar er bra til å få fram rasjonelle svar, medan kjensler og det irrasjonelle er vanskeleg å måle. Derfor treng vi denne typen utstyr, seier seniorrådgivar Anders Mamen i TNS Gallup til Dagens Næringsliv.

Utstyret som TNS Gallup har kjøpt inn, kostar fleire hundre tusen kroner og er av same type EEG-utstyr som sjukehus nyttar for å teste om pasientar har epilepsi.

LES OGSÅ: Vil ha slutt på skjult reklame i bloggar

Informasjonen som analyseinstituttet ser etter, skal vere eit supplement til vanlege spørjeundersøkingar og såkalla fokusgrupper for å få eit betre bilde av kva forbrukarane eigentleg meiner om reklame for enkelte produkt.

I USA har denne type teknologi blitt nytta til slike formål lenge, men det er ifølgje avisa første gong han blir teken i bruk i ein slik kommersiell samanheng i Noreg.

Hjerneforskar Johan Frederik Storm på institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo er skeptisk. Han meiner metodane kan vere invaderande og krenkjande i ein marknadsføringssamanheng.

LES OGSÅ: Her er årets verste reklame

Thomas Ramsøy, som er nevrobiolog, står med selskapet sitt NeuronsInc bak utstyret som TNS Gallup no skal ta i bruk. Han meiner hjernemålingar gir ei meir komplett forståing av åtferda til forbrukarane og trur slik teknologi blir ein vanleg del av marknadsanalysar i framtida. (©NPK)