Norske bøker populære utanlands

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Waffle Hearts, Váffelváibmu, Waffelherzen an der Angel… Engelsk, samisk og tysk er berre tre av 21 språk Maria Parrs Vaffelhjarte kan lesast på. Hennar andre bok, Tonje Glimmerdal, er omsett til 15 ulike språk.

I 2013 har omsetjingar av Vaffelhjarte til bulgarsk, estlandsk og italiensk fått støtte frå Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet (NORLA).

Parr er ikkje den einaste norske forfattaren som vert lagt merke til i utlandet. Norsk litteratur gjer det svært godt utanfor landegrensene, ifølgje NORLA, som gir støtte til utanlandske forlag som vil omsetje litteratur frå Noreg.

LES OGSÅ:Fekk P2-lyttarane sin romanpris

– Norsk litteratur held høg kvalitet og er etterspurt i utlandet. Eg har ikkje full oversikt over barne- og ungdomslitteraturen enno, men ser at det også har vore eit godt år for den, seier Dina Roll-Hansen, som er rådgjevar for barne- og ungdomslitteratur i NORLA.

Dermed ser det endå ikkje ut til at dei store økonomiske utfordringane i den internasjonale bokbransjen har minska interessa for norsk barne- og ungdomslitteratur.

– Våre tal tyder på at barnelitteraturen ikkje er den første som merkar dei økonomiske nedgangstidene. Det er vanskeleg å seie kvifor, men kanskje prioriterer folk å kjøpe bøker til borna framføre seg sjølv når økonomien er trong. Samstundes er våre tal prega av ein viss treigleik, ettersom mange av rettane til bøkene er kjøpt for nokre år sidan, seier Roll-Hansen.

Å sleppe orda
Nynorskforfattaren Maria Parr har lese bøkene sine på engelsk, svensk, dansk og (litt) tysk. Størst pris sette ho på å lese på språket til helten Astrid Lindgren.

– Då eg las boka mi på svensk, som eg er så glad i, fekk eg ein fin avstand til ho. Det var litt som om at det ikkje var eg som hadde skrive ho, og for første gong klarte eg å lese ho som ei bok, fortel Parr.

– Korleis kjennest det når bøkene dine vert omsett til eit språk du ikkje sjølv forstår?

– Det er spanande å tenkje på at bøkene mine kjem ut på andre språk. Samstundes har eg forsona meg med dette er noko eg har laga ein gong, som no har floge ut av reiret. Bøkene lever sine eigne liv, og der er umogleg for meg personleg å følgje opp, fortel Parr.

LES OGSÅ: Her er dei nominerte til Uprisen

– Eg vil ikkje eigentleg ha kontroll heller. At bøkene lever sine eigne liv er nettopp noko av det fine med kunst og historier, legg forfattaren til.

Sjølv om ho har erkjent at ho sjølv ikkje kan kontrollere omsetjingsprosessen, understrekar ho kor viktig denne jobben er.

– Den grundige jobben som agenten min Eirin Hagen og omsetjarane gjer betyr enormt mykje for meg. Dei har ein vanskeleg, veldig viktig og ganske usynleg jobb i bokverda. Eg trur få anar kor mykje jobb og omtanke det ligg i å omsetje ei bok. Sjølv har eg fått klump i halsen mange gongar i møte med omsetjarar, seier forfattaren.

Maria Parr tykkjer det er ekstra stas at boka hennar er komen på samisk. Foto: Siri Juell Rasmussen

Når ballen byrjar å rulle
Parr har spurt seg sjølv kva det er som gjer bøkene hennar populære også i andre land.

– Eg har ikkje noko godt svar. Eg skriv ganske lokale bøker, i omgjevnader som er kvardagslege for meg. Kanskje vert dei eksotiske for andre. Eg trur nok også at det handlar om at ballen byrjar å rulle når ein først har fått omsett boka si til eit anna språk. Då kjenner forlaga seg sikrare på at bøkene kan bli godt teke imot også andre stader, meiner ho.

LES OGSÅ:– Eit gjennombrot for samisk

Ikkje overraskande meiner forfattarens litterære agent, Eirin Hagen, at Parr er altfor audmjuk.

– Essensen i Maria sine bøker er tidlaus. Forteljingane handlar om venskap, om varme, om å sakne nokon. Enkle, basale kjensler som vi alle kan kjenne på. Dessutan skriv ho så ekte. Når ein skriv slik Maria gjer, er det det same om lesaren sit på Gjøvik eller i Hamburg, i Kina eller i Russland, meiner Hagen.

Ho gir likevel Parr rett i at det hjelper når ballen rullar.

– Det er klart det også har noko å seie når bøkene vert tilgjengelege på engelsk, eller vert seld til gode forlag, seier Hagen.

Nærmar seg rekordår
NORLA gav i fjor støtte til 412 utgjevingar på 46 språk. Dette er omtrent like mykje som i rekordåret 2012, då 431 utgjevingar fekk støtte. Det samla talet på litteratureksporten er likevel langt høgare, sidan mange titlar vert omsette utan støtte frå NORLA.

Tysk er det dominerande språket, etterfølgt av engelsk, dansk, svensk og fransk. I tillegg har omsetjingar til satsingsspråk som kinesisk, tyrkisk og portugisisk auka. Dessutan har NORLA for første gong gjeve støtte til omsetjing til montenegrinsk. Den heldige er Jostein Gaarders Sofies verden.

LES OGSÅ:Skeiv litteratur til folket!

Tyskarane, danskane og svenskane er også dei som er mest interessert i barne- og ungdomsbøker frå Noreg. I tillegg kjem nederlandsk og fransk høgt opp når det gjeld barne- og ungdomslitteratur.

– Vi ser at land med kulturar som liknar på den norske er interesserte i norske bøker. Den tendensen er endå tydelegare når det kjem til bøker for barn og unge, seier Roll-Hansen i NORLA.

Nesbø på topp
På toppen av lista ligg Jo Nesbø. Utanlandske forlag har fått støtte til 21 omsetjingar av krimbøker og 9 omsetjingar av barnebøker skrivne av Nesbø. Tett på ligg Erlend Loe, som fekk støtte til å 15 omsetjingar i fjor. Av desse var sju omsetjingar av barnebøker. Per Petterson, Karin Fossum og Karl Ove Knausgård ligg òg høgt oppe på lista.

– Vi gir støtte utifrå kor mange søknader vi får, og vi får veldig mange søknader frå forlag som vil omsetje Jo Nesbø sine bøker. Dermed kjem han høgt opp. Samstundes graderer vi støtta. Bøker som er meir kommersielt bærande, som Jo Nesbø sine, får innvilga ein mindre del av søknadssummen enn bøker som kan vere litterært viktige, men vanskelegare å selje.

LES OGSÅ: Herleg bygdeskildring frå nord