– Noreg må ta vare på desse menneska

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor var det 73 asylsøkjarar søkte asyl på bakgrunn av si seksuelle legning. Det er tre gonger så mange som i 2012.

LES OGSÅ: Må vente fire månader på asylintervju

Tøffare tider
– Det at Uganda har vedteke ei lov som forfølgjer homofile, betyr at Noreg i sterkare grad, saman med det internasjonale samfunn, må ta vare på desse menneska, seier Kjell Ingolf Ropstad som sit i Justiskomiteen for Kristelig Folkeparti, til NRK.no.

Måndag signerte Uganda lova som gjer at homofile risikerer å verte dømt til fengsel på livstid. Dette har vakt internasjonale reaksjonar, mellom anna frå Noreg som valde å stoppe 50 millionar i bistand til det austafrikanske landet.

Òg i Nigeria har det den siste tida vorte vanskelegare å vere homofil, då president Goodluck Jonathan i januar signerte ei lov som forbyr homofile å halde hender offentleg.

Vegen vidare
Regjeringa og støttepartia KrF og Venstre skal seinare i dag presentera kva dei er kome fram til i forhandlingane om Noregs nye asyl- og innvandringspolitikk. Her skal dei mellom anna ta stilling til korleis ein praktiserer vern basert på religiøs forfølging eller forfølging på bakgrunn av at ein høyrer til ei sosial gruppe.

Ropstad meiner situasjonen i Uganda syner kor viktig det er at lovverket vert utforma slik at dei som vert forfølgt får det vernet dei treng

– Slik at dei i staden for å verte forfølgt og i verste fall drepne i eige land, kan få moglegheita for opphald, til dømes i Noreg, seier han til NRK.no.

Ifølgje Amnesty International har totalt 38 afrikanske land lover som diskriminerer homofile.

Sterk auke
Tal frå UDI syner at minst 73 personer som søkte på bakgrunn av seksuell legning i fjor. 30 av desse fikk opphald.

Denne oversikta kan vere mangelfull, fordi han er henta ut manuelt, men tala peikar likevel ei kraftig auke.

I 2012 søkte 23 personer asyl på bakgrunn av seksuell legning. 15 av desse fekk opphald.

Året før fekk berre tre av de 28 som søkte asyl på det kriteriet opphald, medan seks forfølgde homofile fekk medhald i sine asylsøknadar i 2010.

For å få opphald må asylsøkjaren overbevisa myndigheitene om at han eller ho er homofil. Det må òg vere sannsynleg at søkjaren vert forfølgt.

Kan få fleire
Homofile i Uganda og Nigeria har blitt forfølgt og trakassert lenge før de nye lovene vart underteikna, og UDI opplyser til NRK at dei fleste som i dag søkjer asyl på bakgrunn av seksuell legning kjem frå nettopp desse to landa.

– Situasjonen i Uganda har vore vanskeleg i lang tid. Ugandarar som me har lagt til grunn at er homofile, har fått vern i Noreg dei siste åra, seier Tone Loge Tveter, fungerande avdelingsdirektør i asylavdelinga i UDI.

Dei avviser ikkje at utviklinga i Uganda og fordømming frå Noreg kan føre til auka tilstrømming av asylsøkjarar.

Ropstad i KrF meiner at fleire asylsøkjarar er ei liten pris å betala for å sikre menneskerettane.

– Eg meiner at både konvertittar og menneskjer som lever med ei legning som gjer at dei er i sterk fare for å bli forfølgd eller drepne i eige heimland, skal kunne få opphald i Noreg, seier KrF-politikaren til NRK.