Nedgang for folkehøgskulane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei samla oversikt over søkinga til norske folkehøgskular viser at det i år er 8 prosent færre som har takka ja til ein skuleplass samanlikna med same tidspunktet i fjor.

Jæren folkehøgskole var på dette tidspunktet i fjor full til neste skuleår, men i år er situasjonen annleis.

– Vi er ikkje bekymra, men det er klart at det ikkje er kjekt å oppleve at du har nedgang i søkjartalet, seier rektor Dag Folkvord ved Jæren Folkehøgskole til NRK.

Han veit at andre folkehøgskular har blitt hardare ramma av nedgangen enn Jæren Folkehøgskole.

– Dei er sjølvsagt fortvila. Dei forstår ikkje heilt kvifor det har blitt slik. Dei går i seg sjølv og tenkjer at vi kanskje har hatt det litt godt litt lenge. Derfor kan vi ha blitt litt late når det gjeld utvikling og marknadsføring, seier Folkvord.

LES OGSÅ: Lokkar med eksotiske studieturar

– Lyttar til vaksne
– Vi har å gjere med ein veldig fornuftig og ordentleg ungdomsgenerasjon. Dei lyttar til vaksne som seier at dei må skynde seg ut i høgare utdanning. Dei må skynde seg å bli ingeniørar, seier Dorte Birch ved Informasjonskontoret for folkehøgskolen. Ho trur dette er ei av årsakene til at færre vil gå på folkehøgskule. (©NPK)