Meiner Bergen bør bli eige fylke

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var Frps gruppeleiar i bystyret og varaordførar i Bergen, Tor Woldseth, kom med forslaget om å gjere Noregs nest største by til eit eige fylke, melder Bergens Tidende.

Fylkesfri draum
Varaordføraren vil altså at Bergen skal organisere seg på same måte som Oslo.

Det vil bety at alle fylkesoppgåver i Bergen, som vedlikehald og drift av vidaregåande skular og samferdselspolitikken, vert overført til kommunen, noko Woldseth trur vil løne seg.

– Bergen taper både på den eine og den andre måten i dag. Økonomisk taper me mykje, og me er store nok til å ta oss av desse oppgåvene sjølv, seier Woldseth til BT.

Han har peiker på at Bergen har vore eige fylke før, og ser dette som ei betre løysing enn å slå seg saman med fleire kommunar.

Men den store draumen er eit fylkesfritt land.

– Fram til fylka vert avvikla, noko som tek lenger tid enn me trudde, er dette det beste å gjere. Så avviklar me gjerne ordninga med fylkeskommunar når det let seg gjere, avsluttar Woldseth.