Lønsvekst for bøndene

Dobbelt så stor lønsvekst som snittet for alle yrkesgrupper.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lønshopp for bøndene

Norske bønder tente 36.000 kroner, eller 8 prosent meir, i 2010 enn året før. Til samanlikning var lønsveksten for alle yrkesgrupper  fire prosent i same år.

Bruttoinntekta til gardbrukarane var på 485.000 kroner dette året.

LES OGSÅ: – Jordbruket er i ferd med å kollapsa

Ikring 237.000 kroner av den gjennomsnittlege bruttoinntekta var lønn og pensjonar, 214.000 kroner næringsinntekter og 34.000 kroner kapitalinntekter. Næringsinntekta frå jordbruk for alle dei 43.600 gardbrukarane utgjorde i gjennomsnitt 155.000 kroner.

Store skilnadar
I 2010 tente gardbrukarane i Akershus mest av alle med ei bruttoinntekt på 610.000 kroner, mens bøndene i Finnmark tente 205.000 kroner, eller 34 prosent, mindre.

LES OGSÅ: – Kan tredobla inntekta på sau

Jordbruksinntekta var høgast for gardbrukarane i Rogaland, med 210.000 kroner, og lågast for Telemark der dei kun hadde 90.000 kroner.

26 prosent går i minus

I alt 8.300 gårdbrukere (19 prosent) hadde underskot i jordbruket i 2010, dette var 2 prosent færre enn året før. Gjennomsnittleg underskot for desse gardbrukarane var 86.000 kroner. Underskota kan skuldast liten produksjon eller at gardbrukaren var i en oppstarts- eller utvidingsfase av verksemda.

3.200 gardbrukarar (7 prosent) var heilt utan næringsinntekt frå jordbruket i 2010.

Kjelde: SSB