Kristins skeive boktips

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Trass i at det finst fleire hundre tusen personar her i landet som fell inn i kategorien skeiv, blir vi stort sett presenterte for kjærleikshistorier som handlar om ei jente og ein gut, eller ei kvinne og ein mann, seier Kristin Fridtun.

Under Falturiltu-seminaret på Stord 10. november heldt Kristin føredrag for lærarstudentar og andre formidlarar. Her løfta ho fram unntaka: bøker som fortel om kjærleik og kjønn på andre måtar enn den tradisjonelle, som tar utgangspunkt i heterofile forhold.

– Eg seier ikkje at vi ikkje skal ha slike historier, men eg vil ha skeive historier i tillegg, seier Kristin, som sjølv er skeiv transperson.

Hen meiner skeive historier er aller viktigast for dei som sjølve er skeive.

Til Framtida.no gir Kristin tre skeive boktips til alle som veks opp i dag:

 

Verdas viktigaste bok av Nathalie Simonsson, omsett av Ingelin Røssland (Samlaget, 2016)

– Den gir plass til all verdas minoritetar, ikkje berre homofile. Og i dei delane som handlar om sex, handlar det ikkje berre om å lage barn, som det ofte gjer i slike bøker.

 

 

 

 

 

Forelska i Feisbukk av Hans Sande, illustrert av Per Dybvig (Cappelen Damm, 2014)

– Den handlar om ein geitebukk, Feisbukk, som er forelska i bestevenen sin, Smørbukk. Veldig fin.

 

 

 

Eksperimentet av Harald Nortun (Samlaget, 2015)

– Den handlar om eit tvillingpar, Amund og Amanda, som byter identitet i sommarferien. Gjennom opplevingane deira ser vi guterolla og jenterolla frå ein annan synsvinkel enn vi er vane med.

 

 

 

 

Nokre vaksne fryktar at barn og unge blir skeive av å lese slike bøker. Det trur ikkje Kristin noko på.

– Ja, tenk om litteraturen hadde slik kraft! Då eg sjølv var barn og ungdom, las eg berre bøker om heterokjærleik – og likevel vart eg kav skeiv. Personar som meiner at skeiv litteratur er uviktig eller skadeleg, røper fyrst og fremst sin eigen homonegativitet.

 

Retting: I den opphavelege versjonen av artikkelen stod det at Smørbukk er forelska i Feisbukk. Det rette er at Feisbukk er forelska i Smørbukk.

Faktaboks

Kristin Fridtun vart fødd 9. november 1987 og vaks opp i Elverum

Utdanna filolog, i dag sjølvstendig næringsdrivande som forfattar, kåsør, føredragshaldar med meir

Gav sist ut Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay i 2015. Boka grip inn i kjønnsdebatten frå ein filologisk ståstad

Vinnar av Bokhandelens sakprosapris og Språkgledeprisen 2016