Kortare vinter gir meir flått

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimaendringar påverkar utbreiinga av flått på fleire ulike måtar. Korte vintrar, det vil seie når snøen legg seg seint og forsvinn tidleg, ser ut til å vere gunstig for flåtten, fortel Solveig Jore, forskar ved Veterinærinstituttet.

Flåtten er truleg ikkje så følsam for kulde, og utan snødekke kan han vere aktiv når temperaturen tillèt det og får dermed tilgang til vertar han er avskoren frå når han er under snø.

– Klimaendringane dei siste tretti åra har gjort at snødekket legg seg seinare og forsvinn tidlegare om våren, og dei har også gitt auka svingingar i overflatetemperaturen på bakken gjennom eit døgn. Begge desse faktorane fremmar utbreiing av flått, forklarer Jore.

Men om lite snø om vinteren er bra for flåtten, så ser det ut som at mykje regn på våren avgrensar utbreiinga av flått, skriv Veterinærinstituttet på nettsida si.

LES OGSÅ: Flått vanlegaste smittekjelde

– Vi kan altså ikkje seie at det blir meir flått, sjølv om klimaet blir varmare og våtare. Ein våt vår avgrensar utbreiinga av flått, men ein tørr vinter fremmar utbreiinga. Det vi kan seie er at meir ekstremvêr med større svingingar i klimaet påverkar kor mykje flått vi får og kor han breier seg, seier Jore.

Ho fortel at det har blitt påvist flått både lengre nord og høgare opp, og at vi no kan forvente å finne flåtten heilt nord til Harstad. Dette er 400 kilometer lengre nord enn tidlegare. Flåtten er no påvist heile 7– 800 meter over havet. Dette kan bety auka risiko for smitte og sjukdom hos menneske og dyr i nye område av landet. (©NPK)