Klimaendringane påverkar landbruket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det er Vestlandsforsking og Bygdeforsking som i eit forprosjekt for Regionalt Forskingsfond Vestlandet, har diskutert klimaproblematikk med representantar for bønder, forvalting og rådgjeving på Vestlandet og i Midt-Noreg.

Hittil har ein meint at klimaendringane kan vere positive for norsk jordbruk fordi høgare temperatur gjev lengre vekstsesong. Men den nye analysen tyder på at samanhengen ikkje er så enkel. 

– Vår analyse viser at nye klimatiske trendar allereie påverkar jordbruket. Spesielt har auka nedbør i sommarhalvåret ført til problem med innhausting og andre arbeidsoperasjonar. I kombinasjon med strukturendringa i retning færre og større bruk, som har resultert i større, tyngre maskiner og lita investering i drenering, fører nedbørsauken også til meir jordskadar som igjen gir avlingstap, heiter det på nettsida til Vestlandsforsking.

LES OGSÅ: – Bøndene bør bruka klimaendringane

Kan føre til meir matmangel
Vidare skriv dei at det er venta at auka nedbør, høgare temperaturar og meir ekstremvêr i åra som kjem vil gi ei rekkje problem til dømes når det gjeld jordstruktur, sjukdom og skadedyr, overvintringsskadar på planter, og skadar på infrastruktur. Meir varme og lengre vekstsesong kan også gi rom for nye vekstar. Gevinsten her er likevel usikker mellom anna fordi planteveksten også er styrt av lysforhold – som ikkje vil endre seg som følgjeav forventa klimaendringar. 

LES OGSÅ: Kraftig nedgang i jordbruksareal

Rapporten drøftar også at klimaendringane kan føre til meir matmangel i verda, og at dette kan føre til større behov for å halda oppe den norske matproduksjonen. Samstundes kan tiltak for å redusere klimagassutslepp ha både positive og negative konsekvensar for matproduksjonen. (©NPK)