Kjærleiken får menneske til å overleve

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får menneske til å overleve

Det er lenge sidan eg gav opp å finne ut alle svara på eiga hand. Her i verda finst så mange som veit så mykje. Men kvar skal ein starte? Eg bestemmer meg for å byrje med ordet. Kva tyder eigentleg kjærleik? Ein kjær leik?

Filologen forklarar
Eg tek kontakt med den mest ordkunnige personen eg veit om. Kristin Fridtun kom i haust ut med boka Norsk etymologisk oppkok – Du veit ikkje kva du snakkar om, og det passar jo perfekt å kontakte henne, for no har eg definitivt kjensla av å verkeleg ikkje vite noko ting. Så Kristin, kva tyder eigentleg kjærleik?

– Sjølve ordet kjærleik er i grunnen veldig gjennomsynleg og greitt: Det er samansett av

adjektivet kjær og etterfestet -leik, som me ofte brukar når me lagar substantiv av adjektiv

(t.d. nærleik, storleik). I ordboka si set Ivar Aasen opp to tydingar til kjærleik: ‘Kjærhed, det at noget er kjært’ og ‘Kjærlighed, kjærlig Stemning’. Den fyrste tydinga ligg til grunn når me talar om «kjærleik til heimen», medan den andre tydinga viser seg i ordlag som «den store kjærleiken», «ulykkeleg kjærleik». Slik kjærleik svarar ofte til ‘(erotisk) dragnad mot eit anna menneske’. Litt annleis er det når me nyttar kjærleik i religiøse samanhengar, då tyder

ordet ‘miskunn’ eller ‘godleik’: «Guds kjærleik.» I grunnen synest eg godleik er eit godt synonym til kjærleik: Eg meiner kjærleik er å vera god mot eller ha godhug for nokon, avsluttar Fridtun.

Å vere god mot nokon, er det kjærleik? Men kvifor er vi eigentleg god mot nokon? Kva er det mest oss menneske som gjer at vi ønskjer å vere god mot nokon?

Evolusjopsykologen utdjupar
For å finne ut av dette spørsmålet, kvifor mennesket eigentleg føler kjærleik, tek eg kontakt med forskaren Leif Kennair. Han forskar på evolusjonspsykologi, ein del av psykologien som freistar å finne ut korleis menneskearten har evolvert (utvikla oss) fram til dei vi er i dag. Ein sentral tanke der er at vi har dei eigenskapane vi har, fordi det har gjort oss betre i stand til å overleve. Kanskje kjærleiken ein sånn eigenskap?

Då kan kanskje evolusjonspsykologien seie oss noko om kjærleik? Heil klart, meiner Kennair:

– Ja. Evolusjonspsykologi, er absolutt relevant her. Kjærleiken finst mellom familiemedlemer, vener, og romantiske partnarar — eg forstår deg dit at det primært er romantisk kjærleik du ønskjer belyst her?

Kjærleik ja. Det er jo meir enn romantikk. Men det var kanskje den romantiske kjærleiken eg tenkte på mest av alt? Vi tenkjer jo kanskje oftast på romantisk kjærleik? Okei, la oss ta den:

– Menneske har sex, og lagar par, i forskjellege kontekstar. Vi kan til dømes dele opp i korttidsseksuelle og langtidsseksuelle forhold. Kjærleik er ofte knytta til den kjensla du kjenner i forpliktande, intime og lidenskapelige forhold – men du kan jo òg sjå romantisk kjærleik utan forplikting.

– Kjærleik er på den måten med å føre til danninga av par, reguleringa av forholdet, og å motivere både til reproduktiv åtferd og, i forpliktande forhold, til gjensidig investering i forholdet, og ikkje minst investering i felles barn.

Så vi elskar for å formeire oss? For at arten skal overleve? Er det så enkelt?

– Ja. Dette er ei kjensle som evolverte for at vi skulle forelske oss, få barn, og investere gjensidig i dei, og dermed auke den reproduktive suksessen åt foreldra, og sjansen barnet har til å overleve.

Elskar vi for å overleve?
Elskar vi for å overleve? Dette rimar jo i og for seg godt med etymologien, skal vi tru Fridtun:

– Me veit alle kva elska tyder, men det er litt meir uvisst kvar ordet kjem frå. Somme tenkjer seg at verbet elska kjem av det gamle adjektivet elskr (‘kjær, glad i noko(n)’), og at elskr er avleitt av verbet ala (‘fø opp, fostra opp, dyrka’). Det er elles ei kjend sak at nokon tykkjer elska er eit særskilt og høgtidsamt ord som me berre skal bruka om skikkeleg sterk kjærleik, medan andre brukar elska om nesten alt mellom himmel og jord.

Men forelske då? Kva tyder eigentleg det? Det er jo gjerne det som fører til kjærleiken, er det ikkje?

– Eg likar godt å skjemta litt med verbet forelska, for det gamle, norske førefestet for- tyder at me gjer noko ‘for mykje’ eller ‘for hardt’, jamfør «forsova seg», «forsnakka seg» og «fordriva nokon». Då ligg det nær å tru at «forelska seg» tyder ‘elska for mykje’, og det stemmer vel av og til? Men førefestet for- i forelska er nok heller sett inn etter tysk mønster, slik at forelska ikkje høyrer saman med forsova, forsnakka og fordriva.

– Eg plar tenkja at forelsking er det som kjem før elsking, men når eg tenkjer meg om, går det heilt fint å vera forelska og å elska samstundes, seier ho.

Men kvifor er det så vanskeleg med kjærleik?
Vi veit alle kva elska tyder, skriv filolog-Kristin. Og evolusjonspsykologi-Leif seier vi elskar for å føre arten vidare. Men om det var så enkelt, kvifor brukar vi menneske så mykje til å snakke om, synge om, skrive om, lage film om og ikkje minst tenkje på kjærleik? Og kan ein eigentleg lære noko som helst om kjærleiken frå popkulturen?

Eg spør Christian Refsum, forfattar og litteraturvitar. I vår hadde han emne «Kjærleiken i den globaliserte mediealdar» for studenter i ållmenn litteraturvitskap ved UiO, og i tillegg ga han ut boka Kåte dikt på oktober forlag. Han meiner litteraturen er godt egna når til å opne opp kjærleikens dulgte vesen for oss:

– Musikken, med sine hook-lines, gir oss førestillingar og omgrep for å reflektere over kjærleik. Men litteraturen står i ei særstilling når det gjeld å analysere alle dei ulike aspekta ved kjærleiken. Du kan ikkje peike på, måle eller vege kjærleiken.

 – Kjærleiken kan bare bli skildra som eit virtuelt fenomen. Her er det umogleg å kome utanom litteraturen. Vi kan ikkje sjå inn hovuda til andre menneske, men litteraturen utforskar systematisk korleis vi kan prøve å leve oss inn i andre si røynd.

Men kva handlar kjærleik om for han, då?

– For meg handlar kjærleik om å forplikte seg til eit anna menneske, ei forplikting grunnlagt på eit ønske om at dette mennesket skal få utfalde sitt potensial på ein mest mogleg positiv måte. Denne

forpliktinga knyt det seg sterk lyst til, men ho kan også føre til redsle og uro. Den som elskar bryr seg.

Så kanskje står ikkje litteraturvitaren, filologen og evolusjonstenkaren så langt frå kvarandre likevel, om det for alle handlar om å få fram det beste i nokon, og i seg sjølv?

Samstundes handlar kjærleiken om å skape meining mellom menneske, meiner Refsum, ved at vi i kjærleiken verkeleg prøvar å sjå den andre:

– Kjærleiken handlar også om dette: å freiste å sjå den andre sitt perspektiv. Den som ikkje prøver på dette, kan ikkje oppleve kjærleik. Litteraturen gir oss førestillingar om kva kjærleiken kan tenkast å vere, avsluttar han.

Kjærleiken har røter langt tilbake
At å få fram det beste i den andre, er sentralt for kjærleiken, rimar godt for filolog-Fridtun. For ho kan forklare at orda kjærleik kanskje nett kjem frå ordet for verdifullt:

– Adjektivet kjær har vore med oss lenge, i alle fall tusen år. I norrøn tid hadde ordet forma kærr, og då som no nytta folk det i tydinga ‘elska, velsedd, omtykt’ og liknande. Men kjær har røter endå lenger attende: Ordet kjem truleg av latin carus, som tyder ‘kostesam’. Dimed kan me seia at kjær og kjærleik høyrer saman med ord og ordlag som skildrar kjensler ved å visa til verdi, som «setja stor pris på nokon» og «ho er uvurderleg».

Det er ikkje rart vi blir urolege av å ha noko vi set sånn pris på: Men kjærleik kjem jo alltid uroa for å miste kjærleiken. Men korleis blir nokon uvurderleg for oss? Vel vi det?

Angelina får Brad, kven vel vi andre?

Litteraturvitar Refsum trur vi har eit val:

– Sjølv om kjærleiken ikkje alltid kan forklarast, og sjølv om han kan ha tilsynelatande irrasjonelle innslag, impliserer kjærleiken også alltid eit val, alltid i eit nettverk av sosiale forhold. Du spør deg: Elskar eg dette menneske? Kva tyder det? Kva bør det tyde?

Vi vel altså kjærleik. Vi freistar å finne ut korleis vi kan elske på best mogleg vis. Men korleis vel vi desse vi forelskar oss i?

Det trur Kennair at evolusjonspsykologien kan svare på:

– Danning av par skjer i stor grad ved at vi evaluerer eiga partnerverdi og søkjer den beste av dei mogleg partnaren, med høgast mogleg verdi, som vil ha ein. Angelina får Brad, resten av oss må velje folk som står lågare på lista, og som ein slags pardanningsglidelås finner folket partnarar med særs lik total partnarverdi. I tillegg kjem sånne ting som at vi søkjer genetisk varians for å styrke immunsystemet til avkommet.

– Forelskinga fører deretter til at vi tykkjer den andre er verdas skjønnaste! Avsluttar han, entusiastisk.

Verdas skjønnaste. Det kjenner vi vel alle igjen: Som forelska føler vi den andre er den beste i verda. Det gjevast vi har. Kanskje er han nett det som gjer det verdt det: å overleve, å investere, å formeire oss, og å skape. Det er jo ikkje heilt lite.

Og kanskje er det som Fridtun seier: Kanskje veit vi alle, inst inne, kva det vil seie å elske. Om vi berre vågar å stole på dei røynslene vi har, og kaste oss ut i kjærleiken, å gje han alt det han her verdt.