Kina gir deg jula

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når norske heimar i desse dagar vert pynta med lys, nissar og hjarte, er det Kina som leverer varene. Det er importert julepynt og juletrelys for 117 millionar kroner frå Kina i år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.  Rett nok blei det totalt importert litt mindre julestæsj i år enn i fjor, men delen frå Kina er like stor.

Den stadig veksande handelskjempa har neppe interesse av å øydeleggje den norske jula, sjølv om Noreg fall i unåde hos den verdsstore vareprodusenten med fjorårets Nobels fredspris.

– Korleis nobelprisen påverkar det kinesiske næringslivssamarbeidet er svært innfløkt, men det påverkar neppe julehandelen, seier Jan Ketil Arnulf, Kina-kjennar og førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI.
Irritasjonen til Kina blir meir merka i overordna samanhengar, meiner Arnulf. Delegasjonar på besøk, strategiske planar, avtalar der kinesiske makthavarar må spele ei rolle – det er her politikk og handel kan filtrast saman.

Kina-avhengig
Sjølv om nordmenn elskar kinesisk jul, meiner Arnulf likevel at Noreg er ein liten marknad for kinesarane.

– Den norske julehandelen utgjer ikkje store kvanta i kinesisk målestokk. Det er så uhorvelege mengder med varer som vert produsert, påpeiker han.

– Noreg har nok gjort seg så avhengig av kinesiske varer at vi treng dei meir enn dei treng oss.

Han trur kinesarane er meir urolege for julehandelen i det kriseramma Europa enn over forholdet til Noreg.

Kinesisk under treet                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                              Det er ikkje berre pynten som kjem frå Kina. Under det grøne, glitrande ligg leiker og elektronikk pent innpakka – og mykje av det heilt eller delvis laga av kinesarane. I juleimportmånedane oktober og november blei det frakta inn leiker, pc-ar, kamera og mobiltelefonar for 1,6 milliardar kroner frå Kina til Noreg, viser tala frå SSB.

Noregs – og Vestens – forkjærleik for kinesiske varer bekymrar miljøvernarar. Dei peikar på at varene i stor grad vert produsert ved hjelp av klimauvennleg kolkraft.

Kina er det landet i verda som slepper ut mest CO2, og rundt ein tredel av utsleppet kjem frå produksjon av forbruksvarer til eksport, viser ein forskingsrapport sitert av Framtiden i våre hender (FIVH). Organisasjonen meiner Noreg og andre land har «outsourca» klimagassutsleppa sine blant anna til Kina.
 

Karbonfotspor
Professor og forskar Edgar Hertwich ved NTNU fortel at ein stadig større del av klimagassutsleppa til Noreg kjem frå forbruk av varer som er laga utanfor landet, slik som Kina. Då blir tiltaka for å kutte bruken av energi her heime mindre viktige.

– Det er faktisk ein stor auke av «karbonfotspora» våre som er knytt til import det siste tiåret, seier Hertwich. Karbonfotspor seier noko om kor mykje klimagassar folk og land slepp ut gjennom det dei forbrukar.

I Europa må fabrikkane betale avgift for utsleppa sine, men varene vi får frå Kina og andre vekstland har ingen karbonpris på seg.

– Viss du kjøper julepynt laga i Noreg, betalar du også for CO2 som vert sleppt ut i produksjonen. Men kjøper du same julepynt laga i Kina, så betalar du ikkje for utsleppa, seier Hertwich, som meiner denne klimaskatten burde vere lik overalt.
 

Spikk sjølv!
BIs Arnulf meiner det blir feil dersom Noreg og andre vestlege land skal presse Kina til å bruke mindre energi og forureine mindre.

– Kvifor skal dei spare energi for at vi skal halde fram med å bruke energi på det nivået vi gjer? Det spørsmålet er merkeleg stilt frå vår side, seier Arnulf. Han meiner elles at Kina no gjer mykje for å utvikle miljøvennleg teknologi. Uansett, seier han, er det vi i Noreg som må ta ansvaret for utsleppa som kjem av vårt eige forbruk, ikkje Kina.

– Det er merkeleg at vi skal skulde på kinesarane for at dei sel oss varer så billig at vi ikkje klarer å la vere å kjøpe dei, påpeiker han.

– I miljøpolitisk ånd kan ein seie at ein må gå ut å spikke julegåvene sine sjølv, oppfordrar Arnulf. (©NPK)

Ta vår Julequiz!