«Jeg er din» er norsk Oscar-kandidat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir norsk Oscar-kandidat

Den norske Oscar-komiteen skildrar filmen som moden og personleg.

Filmen handlar om ei ung åleinemor, spelt av Amrita Acharia, som er på jakt etter kjærleik. Ho har relasjonar til forskjellige menn, men får ikkje forholda til å fungere. Så forelskar ho seg hovudstups i svenske Jesper, spelt av Ola Rapace.

«Jeg er din» er Iram Haqs debut som spelefilmregissør. Filmen hadde norsk premiere 16. august og er allereie sett av 10.600 personar på kino.

Den norske Oscar-komiteen meiner filmen er «svært moden og universell» og «personleg og autentisk». «Filmen er ein imponerande spelefilmdebut som berører og reiser viktige spørsmål om det å vere kvinne og menneske i eit samansett samfunn», heiter det i grunngjevinga frå komiteen.

Haq konkurrerte mot Erik Skjoldbjærgs «Pionér» og Arild Østin Ommundsens «Eventyrland» om den norske Oscar-innstillinga.

Kvart land kan innstille éin film til nominasjon i kategorien beste framandspråklege film, og filmen må ha hatt premiere mellom 1. oktober 2012 og 30. september 2013. Til slutt blir fem filmar nominerte til prisen.

Nominasjonane blir offentleggjort 16. januar 2014. Sjølve Oscar-kåringa finn stad 2. mars 2014. (©NPK)

LES SISTE FILMNYTT HER!