Innstilt på å gje seg

Liv Signe Navarsete er klar til å gå av som leiar av Senterpartiet på ekstraordinært landsmøte.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liv Signe Navarsete seier ifølgje NRK at ho er innstilt på å trekkja seg som leiar av Senterpartiet.

Det kom fram under ein tale til partimedlemmene på Kongsberg laurdag, på Senterkonferansen.

– Mitt råd til sentralstyret vil vera at ein legg opp til ein prosess der ein vel heilt nytt arbeidsutval, seier Navarste helt nytt arbeidsutval, seier Navarsete til NRK.

Arbeidsutvalet består av leiar og to nestleiarar.

Velja fritt

VG melder at ho i slutten av talen fortalde at det tysdag vil lbli kalla inn til ekstraordinært landsmøte.

– I dette ligg det at eg er innstilt på å gje stafettpinnen vidare til den som landsmøtet mener er best egnet til å overta.

Vidare sa ho dette til partimedlemmene:

– Mitt råd vidare er at landsmøtet står fritt til å velja den leiaren dei meiner er best til å leia partiet vidare.

Les også:Vil ha slutt på leiarstrid

Lokal støtte

I går uttalte fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter til Sogn Avis at eit ekstraordinært landsmøte ikkje er naudsynt- lokalt har Navarsete full tillt.

– Me meiner dei tre i partitoppen må ta ansvar, stå samla og skapa ro. Me tykkjer ikkje det er bruk for eit ekstraordinært landsmøte, seier Hjelmeseter.

Fylkesleiaren hadde fredag telefonmøte med med medlemmene i arbeidsutvalet.

– Me utfordrar partileiinga til å gje klare signal. Me må ta tak i evalueringsrapporten og byggja vidare på det positive slik at me kan driva politikk, slik alle ynskjer.

Les saka i Sogn Avis!